[NUUG kart] Koordinering av innsamling av kommunegrenser

Knut G Karevoll gnonthgol at gmail.com
Sun Sep 6 12:50:55 CEST 2009


Eg har laga ei side på wikien for koordinering av innsamlinga av
kommunegrenser:
http://wiki.openstreetmap.org/wiki/WikiProject_Norway/Kommunegrenser
Eg har óg lagt ut ein nynork versjon av innsynsbegjæringa.

Med dette kan me lett sjå om det allereie er nokon som har sendt
innsynsbegjæring til kommunen eller om det er nokon kommunar som ingen
har sendt innsynsbegjæring til.

Nr i tabellen er firesifra kommunenummer som eg tenkte det hadde vert
fint å sortert på. Desse er allereie sortert på fylke (to første siffera
i kommunenummer er fylkesnummer).

Det hadde vert fint om nokon hadde skreve meir utfyllande om
konvertering av dataformat. Eg har ingen erfaring med dette.

Helsing Gnonthgol
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: not available
Type: application/pgp-signature
Size: 197 bytes
Desc: Dette er ein del av ei digitalt signert melding
Url : http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20090906/7d1c49df/attachment.pgp 


More information about the kart mailing list