[NUUG kart] Alternative projeksjoner
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Fri Jun 25 10:10:31 CEST 2010
Fredag 18. juni 2010 skreiv Gnonthgol:
>Problemet er at Mercator er ein så bra kartprojeksjon på små skala. Det er
>rett og slett ingen bedre projeksjon som ikkje forvrenger kartet mindre enn
>Mercator.
Vil berre nemna at for *store* område (verdskart) er Mercator ein av dei
*dårligaste* projeksjonane ein kan tenka seg, nettopp på grunn av dei
ekstreme forvrengingane. Sjå for eksempel på verdskartet hos Google.
Der ser Grønland like stor ut som Afrika. I verkeligheita er Afrika 14 gongar
so stor …
Det er mange av oss som synest det er fryktelig irriterande at karttenester
som Google brukar Mercator-projeksjonen for store område!
>Det er rett og slett umulig å lage eit verdenskart på papir som ikkje er
>forvrengt på ein eller annan måte, og OSM har valgt å forvrenge polområda.
Ulike projeksjonar forvrenger ulike ting (og område), for eksempel areal
men ikkje form. Men min favoritt for verdskart forvrenger faktisk *alt* som
er mulige å forvrenga. Ta ein kikk på Winkel tripel-projeksjonen:
http://en.wikipedia.org/wiki/Winkel_tripel_projection
(Men om ein berre er interessert i polområda, bør ein gjerne bruka ein
projeksjon som er spesielt tilpassa dette.)
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org
More information about the kart
mailing list