[NUUG kart] Kartverket: "Gratiskartene enda bedre"

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Mon Sep 13 18:43:37 CEST 2010


Monday 13. September 2010 skreiv Vidar Gundersen:
>2010/9/13 Karl Ove Hufthammer <karl at huftis.org>:
>>  I so fall synest eg absolutt me bør gå for ein UTM sone 33-projeksjon
>> (EPSG:32633, eller kanskje EPSG:25833 viss me vil vera veldig pirkete), i
>> staden for den fæle sfæriske Mercator-projeksjonen som hovudkartet til
>> OSM brukar.
>
>sjekk om osm2pgsql, Mapnik og OpenLayers støtter den projeksjonen.

Dei to første støttar projeksjonen. Var visst ein fyr som hadde problem med 
Mapnik og UTM, men fann ut av det:

http://old.nabble.com/Problems-with-some-Mapnik-projections-ts28751475.html

OpenLayers støttar alle projeksjonar ein måtte ønskja, via proj4js. Har sjølv
gode erfaringar med bruk av OpenLayers og UTM (sone 33, 32 og 31), med 
automatisk transformasjon av objekt (ikkje kart) frå ein annan projeksjon.

Litt apropos, er det viktige grunnar for at objekt (som butikkar og andre 
«POI-ar») i OSM-kart skal vera ein del av bakgrunnskartet, i staden for å vera 
flytande (og klikkbare!) ikon oppå?

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list