[NUUG kart] Kartverket: "Gratiskartene enda bedre"

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Mon Sep 13 19:07:29 CEST 2010


Monday 13. September 2010 skreiv Gnonthgol:

>Dei fleste norske kart er i UTM 33 sidan norge strekker seg frå UTM 32 til
>34 (35). Dette er strengt tatt ikkje den beste projeksjonen for Norge men
>er mykje bedre enn mercator som skalerer med ein faktor på 2 på Lindesnes
>og 4 på Nordkapp. Harald Stavestrand i Statens Kartverk har ein fin
>presentasjon om dette som heiter "Mercator på skrå" der han foreslår to
>andre projeksjoner som er bedre tilpassa Norge.

Ja, den har eg lest før. Ganske artig projeksjon, men det spørst om han ville 
slå an «blant folket». Det ein får er eit Norge som vert *loddrett*, i staden 
for å gå på skrå mot høgre når ein går mot nord. Ganske uvanlig måte å sjå 
landet på, men sjølvsagt like rett som ein «nord opp»-projeksjon.

Gjer eit søk på Google etter alternative kart, so finn ein mykje som kan 
utfordra korleis ein ser på verda. For eksempel:

Opp-ned-kart
http://flourish.org/upsidedownmap/ og stillehavssentrerte verdskart

Stillhavssentrerte kart:
http://www.worldtradepress.com/World_Map_Pacific_Centered_Specialty.html

Nordpolssentrete kart:
http://www.arctic.noaa.gov/detect/detection-images/climate-overview-arctic-
map.jpg

Alle er «riktige». Men det er jammen ikkje lett å finna landa me kjenner på eit 
av desse karta.

Sjølv er eg for øvrig ein sterk hatar av Mercator-verdskart! Og det er mange 
av oss! :)

>"Ulempa" med å ikkje bruke mercator er at du får ikkje alltid nord opp.
>Dette er gjelder både UTM og oMerc. Spessielt i Kirkenes vil du merke at
>nord er litt opp og til venstre og i Bergen er nord litt til høgre.

Ja. Men ikkje noko stort problem (og dei fleste kart over Norge ein er van med 
å sjå er i UTM-projeksjonen).

>Gjerne kontakt meg for eksempelbilder.

Ein kan òg bruka WMS-tenesta til Kartverket. Dei tilbyr ei rekkje UTM-
projeksjonar for alle karta sine.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list