[NUUG kart] Tagging av inngangsparti til bygningar

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sat Apr 14 14:47:47 CEST 2012


Eit lite tips til dei som teiknar inn bygningar i OSM: Hugs å legga til
nodar for inngangsparti med entrance=main, entrance=yes e.l., jf.

https://wiki.openstreetmap.org/wiki/Key:entrance

Blant anna kart generert til GPS på http://frikart.no/ brukar dette til
å fastsetta plassering av rutingsnodar (og ikon), og dette er *svært*
nyttig.

Eg har sjølv opplevd å bli ruta til baksida av ein stor bygning, som 
var noko forvirrande (kor er inngangen, og korfor er det så folketomt og
mørkt her?!). Og når ein ikkje veit kor framsida er, kan ein risikera å
måtta traska rundt nesten heile bygningen, som tar tid. I mitt tilfelle
ville ruta til inngangen òg tatt meg gjennom ein mykje finare (og
kortare) veg enn ruta til baksida.

Så, tagg inngangar!

For bygningar tagga som nodar er ikkje dette noko problem, men det er
best å plassera noden nærast vegen som har inngangspartiet, i staden for
midt på bygningen, som kan vera like langt frå tre–fire forskjellige
vegar for større bygningar.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list