[NUUG kart] Namneskifte på bruer i Bergen

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Wed Apr 18 17:06:25 CEST 2012


Litt artig artikkel i Bergens Tidende i dag:
http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Den-heter-faktisk-Smorsbru-2687585.html

Viser seg at brua me trudde heitte Smørsbroen faktisk heitte Smørsbru,
og endra so namn (i dag, nærast med eit pennestrøk!) til Smørs bru.

Tilsvarande gjeld Nygårdsbroen. Eg har lagt inn endringane no, so
OpenStreetMap er nok det første kartet med korrekte namn. :-)
(Men Smørs bru er for kort til at namnet vert vist, so det vert berre
søkbart.)

Dei gamle og «vanlige» namna la eg inn som old_name og loc_name, so søk
etter desse skal også fungera (når Nominatum-databasen er oppdatert).

Har ein mistanke om at me kan venta oss vidare namneskifte på desse
bruene framover.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list