[NUUG kart] Kartverket frigir N2000-data

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Fri Apr 27 18:21:43 CEST 2012


fr. den 20. 04. 2012 klokka 17.57 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> 
> Men ein metode som vil sikra at dataa iallfall ikkje vert *dårligare*,
> er å automatisk byta ut kommunegrensene for kommunar som er i versjon 1,
> altså der det ikkje er gjort nokon endringar sidan importen av N5000. Er
> dette lett å få til automatisk?
> 
Eit alternativ er å byta linjer manuelt. Eg har prøvd å laga
enkeltlinjer av N2000-kartet, for så å bruka «Replace
Geometry»-funksjonen i JOSM (utilsplugin2). Til slutt må
ein bruka «merge» for å kopla start- og sluttnodane i linjene 
saman med dei eksisterande nodane (desse vert for øvrig ikkje 
på nøyaktig same plass).

Dette fungerer, men det vil vera ganske kjedelig å gå gjennom alle
kommunane og endra der det må til. (Med andre ord: *Eg* har 
ikkje lyst til å gjera dette …)
> 
-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list