[NUUG kart] Hytter i turområde (lågfjellsområde)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sun Apr 29 22:28:37 CEST 2012


Er litt usikker på korleis hytter i turområde (for eksempel byfjella i
Bergen) skal taggast. tourism=alpine_hut hørest litt for mykje ut.
Eller? Dette er typisk hytter drivne av idrettslag eller andre
organisasjonar. Har gjerne svært avgrensa opningstider, for eksempel
søndag 10 til 15, og sel då vaflar og saft/kaffi eller liknande. I
utgangspunktet ikkje muligheit for overnatting (sjølv om dei kanskje
blir brukt til det internt i organisasjonen).

Eg ser fleire hytter i turområda er tagga som nodar med building=hut,
men vert ikkje viste på nokon kart (OSM/frikart.no). Denne tagginga skal
jo òg berre brukast på polygon, so vidt eg kan sjå, so det er kanskje
ikkje spesielt rart …

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list