[NUUG kart] tagging av nedlagte husmannsplasser i OSM

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sat May 19 18:41:19 CEST 2012


la. den 19. 05. 2012 klokka 12.07 (+0200) skreiv Guttorm Flatabø:
> Du meinar vel: wikipedia:[lang]=* t.d.:
> wikipedia:nn=http://nn.wikipedia.org/wiki/Dal_husmannsplass 
> 
> Merk at du skal lenkje til "primærspråket" om emnet på Wikipedia og
> treng då ikkje spesifisere språk sidan det går fram av
> Wikipedia-lenkja.

Det er ikkje nødvendig å ha med språkkoden, og heller ikkje å lenkja til
«primærspråket» (kva no enn det skulle vera for plassar i Norge).
wikipedia=http://nn.wikipedia.org/wiki/Dal_husmannsplass
held lenge, er kjapt å legga til (kopier og lim inn frå nettlesaren), og
vert òg tolka rett av WIWOSM.

> Data-brukarar kan finna fram til andre språk ved hjelp av Wikipedia
> sine interwiki-lenkjer, og det er berre nødvendig å spesifisere språk
> til artiklar på Wikipedia som ikkje er lenkja til med
> interwiki-lenkjer.

Einig med første setning over, men andre forstod eg ikkje. Språket er jo
alltid implisitt i URL-en.
 
-- 
Karl



More information about the kart mailing list