[NUUG kart] Vegvesenet opnar norsk vegdatabank

Guttorm Flatabø post at guttormflatabo.com
Sat Jan 26 23:18:46 CET 2013


I februar kjem Vegvesenet til å opna tilgang til norsk vegdatabank med
NLOD-lisens. Dvs. skilt og kummar og ferjekaiar osb., ikkje vegane.

Her<http://www.vegdata.no/wp-content/uploads/2012/12/28112012-statens-vegvesen-jan-kristian-jensen.pdf>er
ein opplysande presentasjon, de kan lesa meir på
vegdata.no. Dette føyer seg inn i rekka av mange andre basar, og med over
185 millionar objekt (eller «forekomster» som dei ser ut til å kalla det),
trengs det ein slags strategi for å ta desse dataane i bruk spør du meg.

Ein måte å ta desse og andre databasar lettare og betre i bruk, trur eg
kunne vera å legga opp til bruk med JOSM-innstikket
OpenData<http://wiki.openstreetmap.org/wiki/JOSM/Plugins/OpenData>,
eg reknar med at ein del av dykk kjenner til det, men slik eg forstår det
så kan det gjera det mykje enklare for brukarar å finna fram til og bruka
data frå opne data-kjelder i JOSM med konsekvent tagging.

--
Guttorm
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20130126/2c407f47/attachment.htm 


More information about the kart mailing list