[NUUG kart] Kartverket som kilde

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Jul 4 19:15:31 CEST 2013


on. den 03. 07. 2013 klokka 22.57 (+0200) skreiv Espen Oldeman Lund:
> Jeg sendte en forespørsel om lisensen til SSR til Kartverket. Limer
> inn kommunikasjonen under her så kan OSM'ere vurdere hvordan vi
> forholder oss til det. Jeg avventa litt for å evenuelt få noen
> kommentarer på mitt svar, men det har jeg ikke fått. Så antar at det
> betyr at dem er ok med det jeg skreiv.

Dette er veldig godt nytt. Så då får me berre gå igang med å laga ein
plan for import av SSR.

Eg skal prøva å få sett på ei mogleg løysing i løpet av veka. I
utgangspunktet har eg tenkt noko slikt:

Ut frå SSR generer kommunevise filer i OSM-format. Fletta desse
halvmanuelt via JOSM (conflation-tillegget).

Kvart stadnamn vert fletta med ein node eller eit polygon i OSM.
Her vert det også lagra ein SSR-ID og siste oppdateringsdato for
SSR-dataa.

Ut frå oppdaterte SSR-data kan me laga automatiske rapportar over objekt
i SSR som ikkje finst i OSM, SSR-objekt i OSM som ikkje lenger finst i
SSR og SSR-objekt i OSM som er endra i SSR. Alt dette må «rettast»
manuelt.

-- 
Karl Ove Hufthammer






More information about the kart mailing list