[NUUG kart] Kartverket som kilde

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Fri Jul 12 23:39:42 CEST 2013


to. den 11. 07. 2013 klokka 21.56 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Det går sakte men sikkert framover. CSV-fila er ikkje klar, men utkast
> ligg på
> https://github.com/huftis/ssr2osm/blob/master/data/objekttypar.csv
> 
> Skriptet på https://github.com/huftis/ssr2osm/tree/master/r-scripts

Har i kveld oppdatert CSV-fila med fleire objekttypar, og skriptet med
betre støtte for namn på ulike språk. Det gjenstår framleis ein del
objekttypar.

Viss nokon ønskjer at eg skal generera ei eksempelfil for ein gitt
kommune, slik at de kan sjå på denne i JOSM (men *ikkje* importera 
til OSM!) og ev. komma med forslag til endringar, berre ta kontakt.

Etter å ha sett litt på bruken av dei ulike namneobjektverdiane,
er det klart at det som vert lagra i filene for import i OSM berre
må brukast som forslag. Ved fletting med OSM-data vil det vera naturleg
å endra ein del av desse. Grunnen er dels at SSR-objekttypane er
meir generelle enn OSM-typane og dels at ulike kommunar ser ut til
å bruka objekttypane noko forskjellig (til dels «feil», kan ein hevda).

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list