[NUUG kart] sosi2osm

Gnonthgol gnonthgol at gmail.com
Wed Oct 9 19:12:57 CEST 2013


Eg har sett litt på SOSI i det siste og ser at du taper ein del 
informasjon dersom du går via shapefile eller geoJson. Polegon i SOSI er 
det same som multipolegon i osm (dvs. ei (sortert) liste med referansar 
til utvendige og innvendige linjer). SOSI brukar også ein hiriarkisk 
metadatastruktur (med duplikate nøkkler) som er vanskelig å transformere 
til andre vanlige datastrukturar.

Eg har skreve eit kjapt og stygt verktøy for å konvertere frå SOSI til 
OSM. Det konverteret teiknsett og projeksjonar til UTF-8 og WGS84 og 
beheld mykje av strukturen i dei opprinlige dataa. For å konvertere 
metadata har det støtte for lua script slik at du kan lett skrive små 
script som passar datasettet.

Koden finn du på https://github.com/Gnonthgol/sosi2osm/ , det kan vere 
litt vanskelig å installere og det inneheld ein del feil (patches 
welcome). Men dette er berre eit kjapt verktøy i første omgang.

Dersom me finn ein måte å laste ned data frå kartverket uten å manuelt 
måtte velge kvar kommune hadde det vert fint å få satt opp ein snapshot 
server med data frå kartverket.

Knut


More information about the kart mailing list