[NUUG kart] BitTorrent nedlasting av data frå Kartverket

Gnonthgol gnonthgol at gmail.com
Mon Oct 14 19:14:42 CEST 2013


Slik eg har forstått er det nokon som har litt problemer med 
nedlastingsløysinga på http://data.kartverket.no/ . Det var ustabilt dei 
første dagane, men fremdeles må du registrere deg og skal du ha mange 
filer må du gjennom mykje klikking.

Sidan det er lov å vidaredistribuere dataa har eg lasta ned alt eg fikk 
tak i og har laga ein torrent på alt. Merk at det ikkje blir 
oppdateringar på torrenten så dersom kartverket kjem med oppdaterte data 
finnest desse ikkje i torrenten, det er eit tilbud til dei som har 
problemer med webgrensesnittet. Skal du ha oppdaterte data må du hente 
det direkte frå kartverket.

Heile torrenten er på 26GB med data, men det er inkludert 13GB med 
høgdedata og 5,7GB med rasterkart. Dei resterende 7GB med vektordata 
inneheld også ein del dobbelt opp då mange av filene er det same 
datasettet delt opp på forskjellige måtar eller i forskjellige format.

Magnet linken til torrenten er < 
magnet:?xt=urn:btih:X2ZQHQRDWXRDJ3XG2VJUMR5YGUMK3LTU&dn=Kartverket_open_data&tr=udp%3a%2f%2ftracker.publicbt.com%3a80%2fannounce&tr=udp%3a%2f%2ftracker.openbittorrent.com%3a80%2fannounce 
 >

Knut


More information about the kart mailing list