[NUUG kart] Forslag til import av grenser og adresser frå kartverket

Gnonthgol gnonthgol at gmail.com
Mon Oct 14 22:47:48 CEST 2013


Då har eg jobba litt med dataa og har laga .osm filer med grensene og 
adressene som eg foreslår å importere. Eg forventer tilbakemelding og 
litt diskusjon rundt dei beslutningane eg har gjort når ge har jobba med 
det. Neste jobb blir å flette dette datasettet saman med OSM. Me må 
finne ein god arbeidsflyt og vere fleire som kan gjere dette når me kjem 
så langt. Ikkje berre start å importer dette før me har diskutert på lista.

Du kan laste ned dataa i osm format på < 
http://fribyte.uib.no/osm/Kartverket_import_addresses_admin.tar.bz2 > (23MB)

Kommunegrenser:
Dette er ei enkelt fil med alle kommunegrensene i Norge inkludert 
relasjonar. Eg har forenkla linjene til 3m nøyaktighet, slått saman ein 
del like linjer og slått saman polegon som er like til multipoligon 
(sosi har ikkje støtte for multipolegon).

Tags som er brukt:
boundary=administrative - Brukt på alle vegar og relasjonar
admin_level=2,4,7 - Brukt på alle vegar og relasjonar etter om det er 
riksgrense, fylkesgrense eller kommunegrense
maritime=yes - Brukt på dei maritime riksgrensene (manglande info i sosi 
filene for fylkes- og kommunegrenser)
note=* - Felt som er henta frå sosi filene, kan nokon gonger gi meir 
informasjon om kvar grensa går
type=bondary - Brukt på alle relasjonar
name=* - Brukt på relasjonar, navnet som står i sosi fila, for samiske 
forvaltningsområder så er det brukt det samiske navnet
name:*=* - Navn på andre språk som er nevnt i sosi fila men ikkje er 
hovedspråk, tre bokstaver for variantar av samisk og kvensk, "no" for 
norsk i samisk forvaltningsområde
ref=NNNN - Firesifret kommunenummer på relasjonar, tosifret for fylker

Datasettet består av 165,887 nodar, 2076 vegar og 448 relasjonar.

Adresser:
Adressene er delt inn kommunevis på kommunenummer. Det er i første 
omgang berre gateadressene me er intresert i, altså ikkje adresser som 
ikkje har gatenavn og gatenummer. Enkelte kommunar har ikkje nokon eller 
få gateadresser enda ettersom det er kommunen si oppgave å utsende 
desse. Det er mulig at me må dele byene inn i mindre enheter for lettere 
inport. Dataa består av eit punkt for kvar adresse og er plassert på 
inngangsdøra, midt i bygget eller midt i eigendomen.

Tags som er brukt:
addr:housenumber=* - Husnummeret (t.d. 22B)
addr:street=* - Gatenavnet (t.d. Gamleveien)
addr:city=* - Poststedet (t.d. Mo i Rana)
addr:postcode=NNNN - Firesifret postnummer (t.d. 8622)

Datasettet består av 1,775,094 noder fordelt på 359 kommuner.

Knut


More information about the kart mailing list