[NUUG kart] Vegdata fra kartverket

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Aug 7 17:19:05 CEST 2014


to. den 07. 08. 2014 klokka 15.26 (+0200) skreiv Petter Reinholdtsen: 
> [Karl Ove Hufthammer]
> > Tja, eg er på ein måte ueinig. Sidan Kartverkets data alltid er mykje
> > meir nøyaktig enn OSM-data,
> 
> Hva gjør at du tror på denne myten?  Hvor har du den fra?

Av informasjon om, og observasjon av, korleis Kartverket føretar
oppmåling. Dei oppnår gjerne nøyaktigheit på centimeternivå (men for dei
eldste dataa kan nøyaktigheita vera ein del dårlegare). I motsetning har
me OpenStreetMap, som gjerne kan vera titals meter feil.

Så har me sjølvsagt at Kartverket sine data i enkelte tilfelle ikkje er
oppdaterte. Og som alt anna *vil* dei innehalda enkelte feil.

> Det er forholdsvis enkelt å motbevise at Kartverkets data alltid er
> mer nøyaktig enn OSM, se f.eks. gangstiene rundt denne toppen i
> Stavanger:
> <URL: http://www.vidargundersen.com/osm/compare.html#zoom=19&lat=58.97222&lon=5.73123&layers=BT >

No tenkte eg i utgangspunkt på vegar (det er vel det det er snakk om å
importera?), ikkje stiar og gangvegar. Er stiar og gangvegar med i
Elveg? Eg trudde det berre var køyrbare vegar som var med.

Når det er sagt, ser det ut til å vera noko feil med visingstenesta du
lenkjer til. Viss ein ser på FKB-bildet
frå visingstenesta til Kartverket
http://openwms.statkart.no/skwms1/wms.fkb2?VERSION=1.1.1&SERVICE=WMS&REQUEST=GetMap&LAYERS=FKB2_WMS&STYLES=&FORMAT=image/jpeg&SRS=EPSG:4326&WIDTH=800&height=800&BBOX=5.7304808,58.9718987,5.7315946,58.9724728
er gangvegane fint teikna inn, til og med som areal,
ikkje berre senterlinjer. Er OSM meir korrekt enn desse?

> Et annet eksempel er et veikryss jeg kjenner til i Kjeldebotnmarka,
> <URL: http://www.vidargundersen.com/osm/compare.html#zoom=16&lat=68.37171&lon=16.60007&layers=BT >,
> der veien ikke går i en trekant slik kartverkets datasett hevder, men
> en av veien er kuttet med stikkrenne og den resulterende veistumpen er
> gjort om til rasteplass.  Hvilke av datasettene som er mest nøyaktig
> her blir et vurderingsspørsmål, da ingen av dem stemmer spesielt godt
> med terrenget.

Har sett på flyfoto (Bing og andre) og Google StreetView, og er ikkje
sikkert på om eg forstår kva som skal vera rett. Ifølgje desse finst
begge vegstubbane. Men det er kanskje ei nyleg endring som har skjedd?

Er det vegen til venstre eller den vassrette vegen som er rasteplass? Og
er Kartverket feil her, eller det berre eine vegen som ikkje er køyrbar
lenger?

Når eg sjekkar med vegoversikta til Vegvesenet, som skal innehalda
køyrbare vegar (?) manglar iallfall den vassrette vegstubben:

http://visveg.vegvesen.no/Cache/visveg_bakgrunn/Layers/_alllayers/L15/R000021b2/C000046b9.png
http://visveg.vegvesen.no/Cache/visveg_bakgrunn/Layers/_alllayers/L15/R000021b3/C000046b9.png

Dette svarar vel (?) til det me får frå VBase/Elveg?

Men viss begge vegstubbane framleis finst, men berre éin er køyrbar, må
dei taggast for å reflektera dette (car=no elns.)
Dette må me vera obs på ved ein import.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list