[NUUG kart] Vegdata fra kartverket

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Tue Aug 12 21:18:38 CEST 2014


ty. den 12. 08. 2014 klokka 10.56 (+0200) skreiv Tor:
> Jo, det synes jeg. Det er vel ikke mange gatene det er snakk om hvis
> det bare er Karasjok og Kautokeino?

Det kan òg vera feil for andre kommunar. Teiknkodinga 
var jo feilaktig deklarert som ISO 8859-10 (skulle vera Windows-1252?) i
alle filene frå Kartverket. Skriptet som konverterte adressene til
OSM-format tok dette for god 
fisk, så det vart nokon adresser med feil namn i andre kommunar også
(har ikkje sjekka om desse vart importert).
Eksempel:

$ grep '[īč]' *.osm | sort -u | fgrep -v :0 | sort -u
1103Adresser.osm:    <tag k="addr:street" v="Vilhelm Bjerknesī gate"/>
1528Adresser.osm:    <tag k="addr:street" v="Storlčvegen"/>
1630Adresser.osm:    <tag k="addr:street" v="Joakim Brevolds allč"/>
235Adresser.osm:    <tag k="addr:street" v="Langelandsallčen"/>
235Adresser.osm:    <tag k="addr:street" v="Låkeallčen"/>
235Adresser.osm:    <tag k="addr:street" v="Ødegårdsalčen"/>

Kan vera andre feil teikn også; desse var berre dei eg fann i farten. Er
derfor ein bør sjå kjapt gjennom lista over alle gatenamn i kommunen ein
importerer. Det finst for eksempel også problem med STORE BOKSTAVAR
(GÅRDSALLéEN), bindestrekar (Skjomenveien - Forså), mellomrom (Røde Kors
- vegen) og skråstrekar (Vassdalsveien / Áravuomebállgis). (Men denne
siste trur eg faktisk skal kanskje vera slik.)

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list