[NUUG kart] Fartsdata i Elveg (Var: Vegdata fra kartverket)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Wed Aug 13 21:47:03 CEST 2014


on. den 13. 08. 2014 klokka 18.30 (+0200) skreiv Geir Ove Myhr:
> Datasettet med kommunevise osm-filer zippet i fylkesvise pakker finnes
> på:
> https://drive.google.com/folderview?id=0BwxPkSBawddGM2djWE9oWjRXdzA&usp=sharing#list

Flott jobba! Dette var verkeleg artig å sjå.

To ting eg stussar på: Det ser ut til at senterlinjene ikkje alltid er i
samsvar med FKB-kartet til Kartverket. Eksempel:

  60.1841508, 5.1092128

Her går senterlinja til kaien ein heilt annan retning enn den faktiske
vegen (sjekk med både FKB-kartet og Bing). Faktisk går senterlinja utfor
kaien og rett på havet …

Der er det rett nok ikkje teikna inn ein vanleg (grå) veg på FKB-kartet
(men i verkelegheita er det ein vanleg, asfaltert veg på kaien). Men ser
ein litt nordvest (60.1845627, 5.1079904) ser det ut til at senterlinja
går heilt til høgre på vegbanen, nesten uti grøfta.

På 60.2718849, 5.0874558 finn me òg noko rart. Plutseleg manglar det eit
stykke veg. Vegen er med både på FKB-kartet og Bing. Er dette ein feil i
det opphavlege datasettet eller noko som gjekk gale i konverteringa?

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list