[NUUG kart] Vegdata fra kartverket

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Aug 14 07:49:32 CEST 2014


on. den 13. 08. 2014 klokka 22.27 (+0200) skreiv Kai Stian Olstad:
> Sitat:
> "En annen ulempe med kartene var at punktet adressene var knyttet til, var 
> markert på midten av huset og ikke ved inngangen. "Et godt eksempel på dette 
> kan være Norges Blindeforbunds hovedkontor i Oslo. Adressen er Sporveisgata 
> 10, mens inngangsdøren ligger i Bergsliensgate" (Ulland, 2010, s. 8-9). En 
> slik unøyaktighet i kartene vil kunne være nok til at blinde får problemer, 
> forklarer forfatteren."

Dette er heldigvis i teorien ikkje noko problem for OSM. I OSM kan me
markera entrance=main på bygningar. Det er då trivielt (for ei
datamaskin) å finna ein inngang som svarar til eit adressepunkt.

Eg skriv «i teorien», fordi det *i praksis* vil vera eit problem. For
det første er det minimalt med bygningar som har entrance=main. For det
andre er nøyaktigheita på innteikninga bygningar, på grunn av dårleg
ortorektifisering av flyfoto, gjerne 5 eller 10 eller endå fleire meter
feil. Så lenge me ikkje får bygningsdata frå Kartverket, vil det nok
vera slik i lang tid framover. (Men det finst også bygningar i OSM som
er ganske nøyaktige, så det er her snakk om variasjon, ikkje ein
landsdekkande mangel.)

-- 
Karl Ove Hufthammer



More information about the kart mailing list