[NUUG kart] Zoomnivå i OSM

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Mon Aug 18 19:25:32 CEST 2014


må. den 18. 08. 2014 klokka 17.34 (+0200) skreiv Stein Arne Storslett: 
> Har vi noe bevisst forhold til zoomnivå ved redigering, eller
> overlates alt til rendringen basert på type tag - f.eks.
> type/størrelse på vei?

Er ikkje sikker på om eg forstod spørsmålet. Men zoomnivå skal ikkje ha
noko å seia ved redigering. Når det gjeld vegar, så modellerer me i OSM
dette som senterlinjer, og kor store dei framstår i ulike
kartframstillingar har me ikkje noko kontroll på. Det er i teorien
mogleg å slenga på ein width=*, men ser ut til at denne er lite støtta
(og vegbreidda varierer jo eigentleg heile tida). lanes=* kunne vore
meir relevant, men er i praksis ikkje så nyttig den heller.

Elles bør ein vera obs på at om ein brukar satellittfoto frå Bing eller
MapBox som bakgrunn, så varierer det av og til kva foto som vert brukt
etter kor mykje ein har zooma inn. Ein veg kan for eksempel sjå heilt
finn på eitt innzoomingsnivå, men heilt feil på eit anna (sidan fotoa
kan vore tatt på forskjellige datoar, og med forskjellig justering og
ortorektifisering). Samanlikn alltid satellittfoto med GPS-spor rundt
der du redigerer.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list