[NUUG kart] Vegdata fra kartverket

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Tue Aug 19 19:28:57 CEST 2014


ty. den 19. 08. 2014 klokka 08.18 (+0000) skreiv Sverre Didriksen:
> >http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Import/Catalogue/Address_import_for_
> >Norway
> >
> >Jeg støtter dette forslaget iallfall.
> 
> Jeg synes dette ser bra ut. Det eneste jeg er litt redd for er at man
> i ryddeprosessen fjerner data som ikke ligger i Elveg. Gjøres det noe
> sjekk slik at de adressene som fjernes ligger i Elveg?

Godt poeng. Elveg kjem berre ut fire gongar i året, og det kan vera
nokre (svært få) adresser som har komme med i OSM men som ikkje (enno)
er med i Elveg. Eg foreslår at kvar importør gjer ei manuell
samanlikning av kva adresser som finst i OSM og Elveg før import. Om det
er nokon adresser som finst i OSM men ikkje Elveg, er vedkommande
ansvarleg for å bevara desse.

Ein kan lett få ut ei oversikt over gateadresser i OSM med følgjande
XSLT-fil:

-----
<?xml version="1.0" encoding="utf-8"?>
  <xsl:stylesheet version="1.0" 
    xmlns:xsl="http://www.w3.org/1999/XSL/Transform">

<xsl:output encoding="utf-8" indent="no" method="text"
            omit-xml-declaration="yes"/>

<xsl:template match="osm">

<xsl:for-each select="node[tag[@k='addr:street']]|
                      way[tag[@k='addr:street']]">
  <xsl:value-of select="tag[@k='addr:street']/@v"/>
  <xsl:text>&#x20;</xsl:text>
  <xsl:value-of select="tag[@k='addr:housenumber']/@v"/>
  <xsl:text>&#x0a;</xsl:text>
</xsl:for-each>

</xsl:template>

</xsl:stylesheet>
-----

Lagra med namn «hent-adresser.xslt» og bruk denne for eksempel slik (i
Linux):

  xsltproc hent-adresser.xslt Bergen.osm | sort -u

(Byt ev. ut xsltproc men din favoritt XSLT-prosessor.)

Gjer det same med tilsvarande Elveg-fil, og samanlikn desse (kan for
eksempel bruka comm-verktøyet til å visa alle linjer som finst i
OSM-fila men ikkje Elveg-fila).

> Og så antar jeg at det som er importert av adresser fra SSR ikke
> slettes?

Ja, identiske adressenodar bør bevarast. Veit ikkje kva verktøy som er
lettast til dette brukast. Finst eit Conflation-tillegg til JOSM, men
det er litt ustabilt (var iallfall det sist eg prøvde det). Og det
fungerer best om ein har ein unik ID, og det har me ikkje planlagt å ha.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list