[NUUG kart] Vegdata fra kartverket

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Aug 28 19:39:09 CEST 2014


fr. den 22. 08. 2014 klokka 23.21 (+0200) skreiv Helge Olav Helgesen: 
> På samme måte vil jeg kanskje si at databasen også blir bedre på flere
> måter når adressen er i en POI også.
> 
> Eks: http://www.openstreetmap.org/node/1937388033 - er Rema 1000 på
> Skårersletta 55. Om jeg søker i Nominatim etter denne adressen får jeg
> opp alle POI som er knyttet mot den adressen. Dette mister jeg om
> adressene skal bort.

Nei, faktisk ikkje. Viss det er snakk om ein bygning, er det automatisk
informasjon om adressa til alle POI-ar i bygningen. Og elles er det
alltid informasjon om alle POI-ar ved/nær eit adressepunkt.

Slikt som dette er ein av dei store fordelane med OpenStreetMap, som er
ein *geografisk* database. Dette i motsetning til for eksempel
telefonkatalogen, der ein må bruka adresser for indirekte å kopla slik
informasjon.

Elles: Sjølv om det er mogleg å kopla alle POI-ar, har eg enno ikkje
forstått kva *poenget* med dette skal vera. Enten har eit objekt (eks.
ein gitt Rema 1000-butikk) og vil sjå kva objekt som er i nærleiken.
Elles så har ein «plass» (eit geografisk område), og vil sjå kva som
finst der. Eller så har ein adresse, og vil veta kor denne adressa ligg.
Å legga eksplisitte adresser på alle POI-ar (eller generelt alle nodar?)
vil ikkje hjelpa i nokre av desse tilfella.

> Argumentet mitt for å legge adressen i en POI er for at den enkelte
> POI skal være komplett, altså at en gitt POI har en verdi for seg
> selv.

Dette med at ein POI i seg sjølv skal vera komplett vera noko ein prøvde
seg med i OpenStreetMap sin barndom, men er noko ein (IMNSHO
*heldigvis*) har gått vekk frå. Det viste seg å ikkje vera nokon god
idé, og i tillegg heilt unødvendig.

Då brukte ein for eksempel is_in-taggen på alle moglege POI-ar (og gater
og alt mogleg), slik:

is_in=Bergenhus;Bergen;Hordaland;Norway

Prøv no eit søk i Nominatim etter «Shetlands-Larsen». Det er namnet på
ein statue i Bergen, og står på Shetlands-Larsens brygge i Bergen.

Søkeresultatet ein får opp er:

Minne: Shetlands-Larsen, Shetlands-Larsens brygge, Bergenhus, Bergen,
Hordaland, NO-5013, Noreg

Er alt dette registrert på POI-en, slik at han er «komplett»? Slett
ikkje. OSM er jo ein geografisk database, så all denne informasjonen er
tilgjengeleg implisitt. Her er alt som er registrert på POI-en:

  historic=memorial
  name=Shetlands-Larsen
  wheelchair=yes

Alt det andre kan ein finna automatisk. Her finn Nominatim at statuen
ligg ved (faktisk på, men ein ville fått same resultat om han berre låg
nær) «gata» Shetlands-Larsens brygge, ligg i bydelen Bergenhus, som ligg
i kommunen Bergen, som ligg i fylket Hordaland, som ligg i landet Noreg.

Slik får ein implisitt adresseinformasjon på kvar einaste butikk, kvart
einaste statue og til og med kvar einaste lyktestolpe registrert i OSM.
Dette *utan* å måtta legga dette inn eksplisitt, slik at kvart objekt
vert «komplett».

> Ikke for å duplisere innholdet i databasen eller få opp flere
> adresseobjekter.

Det er kanskje ikkje hensikta, men det er jo det som vert resultatet. Og
det utan nokon reell tillegsverdi. 

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list