[NUUG kart] Vegdata fra kartverket

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sun Sep 7 11:37:07 CEST 2014


ty. den 26. 08. 2014 klokka 22.52 (+0200) skreiv Tor:
> Eks: http://www.openstreetmap.org/node/1937388033 - er Rema 1000 på
> Skårersletta 55. Om jeg søker i Nominatim etter denne adressen får jeg
> opp alle POI som er knyttet mot den adressen. Dette mister jeg om
> adressene skal bort.

No er ikkje korleis Nominatim fungerer på eit visst tidspunkt noko
argument for korleis ein skal tagga i OSM, men eg mistenker at Nominatim
faktisk *ser vekk frå* addr:street-taggane på POI-ane, og heller brukar
næraste gate.

Det finst for eksempel 10 POI-ar med adressa (addr:*-taggar)
«Lilandsveien 3» i Bergen. Men søker eg etter «Lilandsveien 3» i
OSM/Nominatim, får eg *ingen* relevante treff (berre «Lærer Lilands vei»
i Finnmark, pluss ein bekk i Storbritannia som heiter «Liland's Beck»).

Éin av POI-ane som har denne adressa er «Eurospar Post i butikk», som
har eit såpass unikt namn at ein kan søka på det i OSM. Då får ein
følgjande treff:

  Eurospar Post i butikk, 3, Fleslandsvegen, Espeland,
  Blomsterdalen, Bergen, Hordaland, 5258, Noreg

Altså Fleslandsvegen, *ikkje* Lilandsveien.

Grunnen til at ein har trudd at addr:street har blitt brukt, er nok at
næraste veg/gate nesten alltid er lik denne. Men i dette tilfellet var
alle addr:street-verdiane feil; vegen heiter «Lilandsvegen» (rett tagga
i OSM), ikkje «Lilandsveien».

For øvrig, når det gjeld tilkomst, er eigentleg Fleslandsvegen (så vidt
eg kan sjå) eit betre val, då det er kortare å gå frå denne enn frå
Lilandsvegen til butikken. :)

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list