[NUUG kart] Tips til ekstern GPS-enhet til sporing?

N/A N/A gazer2175 at hotmail.com
Tue Mar 17 18:19:35 CET 2015


Alle sivile GPS har problem om du er mellom høge bygningar. Ein moderne telefon har i dag støtte for både GPS og GLONASS så det blir nok ikkje betre enn det før Galileo er på plass.
Det er få andre GPS-ar som har GLONASS og dei fleste er i sal berre i Russland. Veit at Garmin har fått dette på plass i ein del av sine frilufts modellar.

Brukar OSMTracker for Android på min Galaxy S3 og det fungerer for det meste fint. Hender at den går heilt "bananas" og går langt utanfor det som er rett. Skjedde i helga når eg køyrde fv50 Aurland-Hol og kom ut av Geiteryggtunnelen. Då meinte den at eg var midt utpå vatnet i vel ein halv kilometer. Normalt sett så er den der den skal vere sekundar etter at eg kjem ut av ein tunnel.

Kor mykje hoppar den du brukar? S3 ligg på 5-10 meter.

Det er mange dårlege GPS spor som er lasta opp til OSM, men jo fleire spor det er for same rute jo lettare er det å sjå kva som er rett.

Gazer75

Date: Tue, 17 Mar 2015 17:40:57 +0100
From: cmeeren at gmail.com
To: kart at nuug.no
Subject: [NUUG kart] Tips til ekstern GPS-enhet til sporing?

Helt ny i OSM-miljøet. Jeg ønsker å bruke mobilen min for å lage tracks som jeg laster opp til OSM, men de er såpass unøyaktige (i alle fall nær bygninger) at jeg tror de gjør mer skade enn gagn om de vises sammen med alle andre public spor i iD. Lurer derfor på å kjøpe en rimelig (<100 dollar) ekstern blåtann-basert mottaker (kobles opp mot Android) som kan gi mer nøyaktige resultater, også i asfaltjungelen. Tips til enhet?

_______________________________________________
kart mailing list
kart at nuug.no
http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart 		 	   		  
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20150317/21c36af6/attachment.htm 


More information about the kart mailing list