Hei,

eg har blitt kontakta av Ragnar Indrebø, som står bak eit prosjekt som har samla inn tusenvis av stadnamn i Angedalen i Førde (sjå søk til venstre på sida), eit prosjekt som burde ha passa perfekt for OpenStreetMap om dei hadde kjent til det. Tenarane og det eksisterande utdaterte opplegget skal permiterast i sommar, og han ser etter ei vidareføring. På grunn av den tekniske plattformen, truleg ingen geografiske koordinat, bruk av kartverk-kart, og mange ulike bidragsytarar, er det ikkje akkurat berre enkelt å overføre dataane direkte til OpenStreetMap, men eg forstod det slik at Ragnar var open for å gjera ting på nytt. Ein må nok jobbe med tagging også, sidan han truleg har namn på ein god del greier som ikkje er tagga i OSM før (ei "ur", til dømes).

Eg skriv mest til Eirik, sidan han er Førdianar, men det kan jo hende andre har erfaringar med liknande, for eg veit at det er mange som har liknande prosjekt rundt om i bygdenorge (Fylkesatlas for Sogn og Fjordane har fleire slike databasar), og muligens har erfaringar om tagging, korleis deltakarane kan konverterast til OSM, etc.

Guttorm