Hei Knut, hyggjeleg at du brukar OSM på iPhone,
Er det planer om å lage kart nord for 60 grader nord i norge?  Er ivrig bruker av diverse iphone gps apper men dei som fungerer har dårlig med kart nord for 60 grader.
Som Petter skriv så dekkjer OpenStreetMap heile verda, frå pol til pol, men ofte mange kart har høgdeskugge og koter frå det frie SRTM-datasettet som uheldigvis berre går til 60 grader nord. Grunnen til at SRTM blir brukt er at kvaliteten er bra og påliteleg, det er fritt utan begrensingar og oppløysinga er bra. For 60 grader nord finst det ikkje noko tilsvarande, og kartverket i Norge skal både ha betaling og begrensingar på bruk og vidarebruk og er difor som regel heller ikkje noko godt alternativ.
Det finst to alternativ, Viewfinder Panorama sine datasett, og ASTER-datasettet. Frikart.no brukar førsnemnde, medan turkompisen.no brukar sistnemnde som truleg er det friaste av dei to. Uheldigvis er det ein del område utan dekning i ("void" trur eg det blir kalla) i ASTER-datasettet, noko ein kan sjå ein del av her i Sogn og Fjordane.
OpenStreetMap registrerar berre høgde over havet for enkelte punkt av interesse (t.d. fjelltoppar) og det fell ikkje innanfor målet til prosjektet å laga ei verdsdekkjande høgdesett.
Noko me kunne tenkje på var å lage eit alternativ til SRTM-karta som blir brukt av ein del tenester med ASTER-datasettet. Espen som står bak turkompisen.no er på denne lista, og har kanskje noko formeining om det(?)
Guttorm