<html>
<head>
<style><!--
.hmmessage P
{
margin:0px;
padding:0px
}
body.hmmessage
{
font-size: 12pt;
font-family:Calibri
}
--></style></head>
<body class='hmmessage'><div dir='ltr'>Hei,<br><br>Som nokon har lagt merke til så har eg starta med å importere adresser i Oslo.<br>Fekk spørsmål om prosessen rundt dette og tenkte å starte ein tråd.<br><br>Gnonthgol har konvertert data til osm filer (xml) som eg lastar inn i JOSM.<br>Detaljar rundt konverteringa kan han sikkert svare på.<br><br>Filene eg har er delte inn etter kommune så det ikkje vert for mykje data på ein gong.<br>Prosessen er enkel. Etter å ha opna osm fila for kommunen eg skal importere frå, så lagar eg eit nytt prosjekt og hentar ned osm data for området.<br>Kopierer så data frå adresse fila og limer inn i prosjektet.<br><br>Prøver så godt det lar seg gjere å fjerne gamle duplikatar og rette eventuelle feil før opplasting. Feil eg ikkje ser vil eg ta tak i med ein gong dei vert oppdaga.<br>OSM Inspector brukar litt tid for å oppdatere seg så det kan ta litt tid.<br><br>Ser at mange har lagt adresse i bygningen. Vil anbefale at vi held oss til separate nodar då mange hus har fleire nummer.<br>Noden er også plassert ved inngangen i dei aller fleste tilfelle.<br><br>POIs som butikkar osv som har addr tag har eg for det meste ignorert.<br><br>Prosessen er tidkrevjande og eg har brukt omtrent all tid i helga til dette arbeidet. <br><br>mvh<br>Jan T<br><br><br><br>                                               </div></body>
</html>