[NUUG video] Video-opptak på Freedom Fest 2010?

odin.omdal at gmail.com odin.omdal at gmail.com
Sun Oct 31 12:01:10 CET 2010


2010/10/31 Hans-Petter Fjeld <atluxity at 1kb.no>:
> Oppsettet på maskinene var lite tilbøyelige til å prate sammen uten at en dhcp-server kunne holde dem i hendene, jeg håper vi kan få til en løsning hvor vi enklere kan bytte mellom dette. Det er ikke alltid vi har nett, og vi skal ikke trenge å være avhengig av dette.

Sant, eg har slitt litt med den mac minien sjølv som ikkje er so
viljug når han ikkje hev dhcp-tenar kopla til. Avahi-versjonen av
dvswitch-programmene gjer jo at me ikkje treng tenkja so mykje på
IP-adressar og slikt, men dei må vera på same nett, og båe maskinene
må ha ei IP-adresse.

Viss det ikkje er nokon dhcp, so set eg ofte IP-adressa til
dvswitch-maksina til 10.0.1.1 og gradvis oppetter for dei andre. Ein
set IP-adresse i Linux slik:

ifconfig eth0 10.0.1.1

(må vera root, so anten sleng ein sudo framfor (viss det finst) eller køyr "su")

Elles so hev eg òg, for dette formålet ein veldig liten dnsmasq-config
som eg køyrer dnsmasq med (ekstremt enkel dns- og dhcptenar) på
maskina mi i slike høve; den er stilt inn på å gjeva adresser frå
10.0.1.2 og til 10.0.1.10. Eg kan sikkert stilla han inn til å gjeva
dei i rekkkjefylgje, men nett no sjekker eg berre fort å gale kva
maskin han hev gjeve dei til (cat /var/lib/misc/dnsmasq.leases).

> Jeg kan godt sikkert også lære meg å bli flinkere til å sette opp linux-maskiner på nett på diverse kreative måter, men litt av poenget er at man ikke skal trenge å være så flink som meg for å sette opp dette. :)

Det er sant. Det hev alltid vore litt knot når det ikkje er ein
DHCP-tenar tilstades. Kannhenda båe maskinane berre burde falla
attende på dei der lokalnett-IP-ane og finna kvarandre med avahi?

Eit anna lurt triks, er å starta dvswitch (utan avahi) med dvswitch -h
0.0.0.0 -p 12345, då høyrer dvswitch på alle ip-adresser. Det er
snøggare å skriva, og eg trur du då er litt meir fleksibel til å byta
IP medan ting køyrer; av di: på det lokale kamera køyrer du då:
dvsource-firewire -h 127.0.0.1 -p 12345, det som er genialt då, er at
NÅR den hekkans TP-kabelen dett ut ein gong so frys ikkje alt,
hovudkamera fungerer framleis og du slepp starta den delen omatt.

Eg veit ikkje om avahi-skriptet gjer det allereide, men viss ikkje, so
er det ein utruleg lur ting å gjera.

> Litt om selve lokalet, for vår del. Vi stressa litt med å få kobla oss på lyd-anlegget som ble brukt, og holdt på å gi opp da en totalt tilfeldig video-person som kjente arrangørene kunne informere oss om at det var et annet, umerket, punkt vi måtte bruke. Han kunne også bidra med en XLR hann-til-hann kobling som trengtes for dette. Det var ikke noe miksebord i

Eg har mått låna XLR hann-til-hann to gonger i det siste; so eg
tenkjer me burde ha to slike omformarar i kameaboksen. Ein XLR
hann-hann, og ein ho-ho.

> Fikk inntrykk av tidligere nevnte video-person som hjalp oss litt at de hadde utstyr, men man måtte mase veldig på dem for at de skulle finne det frem.

Dårleg service. Eg plar få det eg spør om, og det er avhengig av
plass; lang skøyteledning, lang TP-kabel, lang XLR-kabel,
hann-til-hann-omformar. Av og til treng eg ingenting av dette; eg
reiser med alt på ryggen, so eg har berre korte kablar med.

> For vår del så var det ikke noe nett der. Etter hva jeg fikk med meg så skulle de hatt ekstra betalt for det. Usikker på om det var kablet eller trådløst.

Jøss, kva plass var dette på? For nokre folk!

Same kva, eg har drive litt streaming frå plassar med veldig dårleg
net, og har funne ein måte å pressa Theora til å levera ganske
imponerande bilete på låg bitrate.

Fyrst, finn og last ned nyaste nattlege versjonen av ffmpeg2theora
(Ptalarbvrom): http://firefogg.org/nightly/ffmpeg2theora.linux

Den brukar mindre CPU og lagar betre bilete enn dei andre. Min PC er
*veldig* CPU-bound og eg må redusera kvaliteten ganske mykje grunna
det. Det er veldig lett å halda streamen under 200kbps. Iom. at
3G-nettet fint klarar 300kbps i opplasting, so er det mogleg å køyra
streaming via mobiltelefonen. Noko eg ein gong gjorde i Oslo.

./ffmpeg2theora.linux --no-skeleton -x 500 -V 160 -F 15 -A 32 -c 1
--speedlevel 2  - -o -

Eg køyrer denne, altso 500x400 bilete, med 160kbps for video, 32kbps
ljod (går ofte mykje lågare viss du heller brukar -a -1 eller -a -2
(som er variabel bitrate)), 15 FPS, ein ljodkanal og ikkje gjer
avansert motion estimation, deblocking og ein heil del andre ting som
fær biletet
til å sjå mykje betre ut (altso med andre ord, hev du kraftig nok PC,
fjern speedlevel, du kann òg køyra FPS-en litt høgare med kraftigare
CPU).

> Spent på å se resultatet når det blir ferdig bearbeidet. :)

Eg med! :-)

-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
http://velmont.no


More information about the video mailing list