NUUGs uttalelse om standardkatalog v2

aktive at nuug.no aktive at nuug.no
Wed May 13 15:30:46 CEST 2009


NUUG har nettopp sendt over vår høringsuttalelse om forslag til
versjon 2 av referansekatalog over påkrevde standarder for staten.
Her er teksten, også tilgjengelig fra
<URL:http://wiki.nuug.no/uttalelser/200901-standardkatalog-v2>.


NUUG
sekretariat at nuug.no


Fornyings- og administrasjonsdepartementet
postmottak at fad.dep.no


Høyringsfråsegn om 2. versjon av Referansekatalogen
===================================================

NUUG har lese Standardiseringsrådet sitt framlegg til 2. versjon av
Referansekatalogen for IT-standardar i offentleg sektor og set stor
pris på det arbeidet som her vert gjort for å sikre informasjonsflyten
mellom det offentlege og innbyggjarane.

Vala av ODF og PDF som format for dokument som vert sendt som vedlegg
til e-post er fornuftig, og overgangsordningane verkar rimelege. Sjølv
om det ikkje direkte vedrører denne standardiseringa, gjer vi merksame
på at vedlegg i eit visst monn vert nytta for tekst som like gjerne
kunne ha vore skrive direkte i e-posten. Dette kan vere eit problem
t.d. når ein les e-post v.h.a. web-baserte løysingar.

Det er klårt fornuftig ikkje å ta ISO OOXML inn i standardkatalogen.
Spesifikasjonen framstår som mangelfull og uklår, og dette gjer det
tvilsamt kor interoperable framtidige løysingar vil vere.

Covernotatet om dokumentutveksling peikar på at bruk av nyare
versjonar av PDF kan føre til at dei som sit med eldre versjonar av
PDF-lesarar får problem med å lese dokumentet. Vi saknar ei tilråding
om kva som skal gjerast for å minimere dette problemet.

Standardane som er tilrådde for lyd/bilete/video på offentlege
nettsider framstår som gode val: SVG for vektorgrafikk, JPEG for
tapsbringande komprimering og PNG for tapsfri komprimering av
punktgrafikk er opne standardar med utbreidd støtte. FLAC for tapsfri
komprimering av lyd er open og har utbreidd støtte. Vorbis for
tapsbringande komprimering av lyd og Theora for ditto av video har per
i dag mindre støtte i vevlesarar, men både Opera og Firefox ser ut til
å få dette snart. NUUG har brukt Ogg Theora i fleire år utan problem.

Fristane for tilpassing framstår som noko lange. Innhald publisert i
dag, og som forutset programvare frå visse leverandørar, vil etter
framlegget først bli fritt tilgjengeleg om fem og eit halvt år.

Særleg ser vi det som viktig at framlegget baserer seg på royalty-frie
standardar. Standardar der implementering krev betaling per brukar
eller per eining selt er eit massivt problem for programvare som kan
vidareutviklast og vidaredistribuerast utan andre krav enn at dei som
mottek programvara skal ha dei same rettane. Royalty-betaling (og
eventuelle andre krav knytt til bruk av patentet) er i praksis umogleg
å gjennomføre innanfor ein slik modell. Dette er t.d. eit problem for
bruk av H.264 på linux ([1]H.264 krev royalties frå 2010).
Standardisering på royalty-belagte format ville innebere at
innbyggjarane ikkje fritt kan velje kva programvare dei vil nytte for
å få tilgong til informasjon på offentlege nettsider.

  1 http://www.mpegla.com/news/n_03-11-17_avc.html

NUUG rår Standardiseringsrådet/FAD til å fokusere på om det finst fri
programvare som implementerer standarden ved framtidig evaluering av
standardar. Dersom utviklarane av fri programvare ikkje har høve til å
lage program som les og/eller skriv formatet har ikkje borgarane fritt
val av programvare, og det offentlege står ikkje fritt til å gjere som
dei finn best m.o.t. lesing og skriving av formatet. Her vil vi vise
til [2]Digital Standards Organization sin definisjon av «Free and Open
Standard» der eit vesentleg poeng nettopp er at ingen skal kunne ta
kontroll over kven som kan bruke standarden.

 2 http:// www.digistan.org/open-standard:definition 

På eit punkt har vi ei innvending mot framlegget til standardisering:
Vi tviler på om det er tenleg å krevje bruk av UTF8-koding for alle
dokument, uavhengig av dokumentformatet. I det primære formatet for
publisering på web, HTML, kan ISO-10646 redigerast i og presenterast
av dokumentet uavhengig av dokumentet si teiknkoding (v.h.a. såkalla
«entiteter»). Det framstår ikkje som tenleg å krevje at dokument som
følgjer HTML-standarden skal måtte omkodast utelukkande for å nytte
UTF8.

Av område som bør prioriterast ved vidare standardisering vil vi nemne
3D-modellering og «pakkar» som kan innehalde filstrukturar.

For NUUG: Håvard Fosseng

Vennlig hilsen,
-- 
Petter Reinholdtsen
Leder i NUUG


More information about the interesserte mailing list