Pressemelding frå NUUG: NUUG går i mot innføring av Datalagringsdirektivet

aktive at nuug.no aktive at nuug.no
Wed Apr 14 11:05:21 CEST 2010


Pressemelding frå NUUG: NUUG går i mot innføring av Datalagringsdirektivet

NUUG oppmodar Stortinget til ikkje å innføre Datalagringsdirektivet i
norsk lov. Kontinuerleg og omfattande registrering av kontaktnett,
kommunikasjonsmønster og posisjonsdata for alle innbyggarar er ei massiv
krenking av personvernet og eit tvilsamt verkemiddel for å kjempe mot
alvorleg kriminalitet.

  "Datalagringsdirektivet er en dårlig ide som vil skade demokratiet i
  Norge uten at det nødvendigvis vil hjelpe politiets etterforskning.
  Politiet har store IT-problemer i dag, og det er ikke gitt at det blir
  enklere for dem å finne nålen i høystakken ved å spa på mere høy",
  seier NUUG-leiar Petter Reinholdtsen

Direktivet legg opp til å erstatte prinsippet om etterforsking med
prinsippet om overvaking. Omfattande overvaking av eigne borgarar skal
ikkje lenger vere eit skilje mellom oss og statar vi ikkje likar å bli
samanlikna med. I praksis vil registreringa bli langt meir omfattande
for dei skuldlause enn dei kriminelle, ettersom dei siste kjem til å
gjere tiltak for å unngå at interessande data vert registrerte.

Når registreringa syner seg ikkje å vere så effektiv som enkelte
tilhengarar hadde vona, vil vi truleg få krav om enno meir massiv
overvaking. I tillegg må vi rekne med krav om at data, når dei først
finst, skal kunne nyttast til andre føremål.

Registrerte data vil bli misbrukte. Den relativt nære historia gjev
ikkje grunn til å tru at lover alltid vert etterlevde av styresmaktene
m.o.t. overvaking. Det finst òg individ og organisasjonar i Noreg med
aktiviteter framande statar oppfattar som plagsame; vi må rekne med data
om kontaktnett og kommunikasjonsmønster for desse vert mål for desse
statane sine etterettingstenester.

Norwegian Unix User Group (NUUG) er ei ikkje-kommersiell foreining for
profesjonelle databrukarar, programvareutviklarar og driftspersonell.
Foreininga har fokus på opne standardar, fri programvare og
UNIX-liknande operativsystem.

Kontaktpersonar

Petter Reinholdtsen, leiar i NUUG
Epost: pere at hungry.com

Håvard Fosseng, sekretær i NUUG
Epost: havardf at nuug.no

Referansar

    * http://www.nuug.no/
      NUUG
    * http://wiki.nuug.no/uttalelser/201003-datalagringsdirektivet
      NUUGs si høyringsfråsegn.
    * http://www.torproject.org/
      Tor 




- Håvard Fosseng
  NUUG


More information about the interesserte mailing list