[NUUG kart] Oversettelse av navn på land

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Aug 13 22:05:17 CEST 2009


Torsdag 13. august 2009 skreiv Gustav Foseid:

>Ingen vesentlige forskjeller:

Tja, eg meiner nok alle forskjellar er vesentlige. Det bør vera utvetydige 
omsettingar til norsk.

>Skolelinux er ikke oppdatert med newsletter V-11, V-12 og VI-1. Det
>viktigste er at Serbia og Montenegro (CS) er erstattet av Serbia (RS) og
>Montenegro (ME).

Det er eg klar over. Eg har tenkt å oppdatera oversikta snart (til helga, 
forhåpentligvis).

>AQ
>Antarktis
>Antarktika

Her meiner eg Antarktika er rett. Antarktika er sørpolkontinentet, og 
Antarktis er land- og havområda rundt Sørpolen. Forholdet mellom Antarktis og 
Antarktika er som forholdet mellom Oseania og Australia, om du vil.

>GS
>Sør-Georgia og de søre Sandwichøyene
>Sør-Georgia og de sørlige Sandwichøyene

Eg hugsar ikkje korfor eg valde «sørlige»/«sørlege». Oppføringa er merkt med 
ein asterisk, så det er ikkje frå Språkrådet eller andre «offisielle» kjelder. 
Eit Google-søk gjev 603 treff for «sørlige» mot 157 «søre», men det er ikkje 
verdt mykje. Dei norske wikipediane varierer.

Men i Caplex finn eg «Sør-Sandwichøyene»: 
http://www.caplex.no/Web/ArticleView.aspx?id=9335080

Kanskje det er «rett»? Det gjev over åtte tusen treff på Google.

>HM
>Heard- og McDonald-øyene
>Heard- og McDonaldøyene

Her skal det vera utan bindestrek (sjølv om eg kan vera einig i at det er litt 
pussig).

>IO
>Britisk territorium i Indiahavet
>Det britiske territorium i Indiahavet

Her «Det britiske territorium i Indiahavet» offisiell form ifølgje Språkrådet.

>PS
>De okkuperte palestinske områdene
>Palestinske territorier

Her skreiv Svein Nestor i Språkrådet til meg:

  Me har ikkje noka beinveges omsetjing av 'Occupied Palestinian
  Territories', men 'palestinske territorier/territorium' finst.

Eg er usikker på kva som er best. Men på bokmål burde din versjon iallfall 
vore «områder» i staden for «områdene». Tradisjonelt brukar bokmål enkelt 
bestemming mot dobbelt bestemming på nynorsk (jf. «De forente arabiske 
emirater» mot «Dei sameinte arabiske emirata» og «De franske sørterritorier» 
mot «Dei franske sørterritoria», «De nederlandske Antiller» mot «Dei 
nederlandske Antillane», og sjølvsagt «De forente stater»).

>TF
>Søre franske territorier
>De franske sørterritorier

Her er sistnemnte rett ifølgje Språkrådet.

>UM
>USA, mindre, utenforliggende øyer
>USAs ytre småøyer

Siste er rett ifølgje Språkrådet.

>VG
>Jomfruøyene (Britisk)
>Jomfruøyene (Storbritannia)

Her har eg basert meg på «Namn på språk og land» i dei språklege 
retningslinjene me brukar til omsetting:
http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html
Viss me skulle brukt «britisk», burde det for øvrig vera liten «b». 
Men då går me glipp av formsamsvaret Storbritannia–USA.

>Ellers inneholder ikke lista mi mer enn en stavemåte der det finnes valgfrie
>former. Der min stavemåte er en av de mulige i Skolelinux-lista, har jeg
>ikke tatt med over.

Der eg har med fleire former, er førsteforma den tilrådde forma frå Språkrådet.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list