[NUUG kart] Oversettelse av navn på land

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Aug 13 22:19:01 CEST 2009


Torsdag 13. august 2009 skreiv Gustav Foseid:
>> Korfor dobbeltarbeidet? Sjå her: http://i18n.skulelinux.no/kodar/land.html
>
>Vet ikke? Du kunne gjerne ha lastet ned min liste i stedet.

Hm. Godt poeng. Eg ser no at du visst var først ute. :)

Og når eg sjekka e-posten min, ser eg at eg vart tipsa om oversikta di i 2002.

Litt bakgrunnshistorie: Når eg laga lista, var utgangspunktet at alle namna 
skulle vera grundig kvalitetssjekka¹, og berre komma frå offisielle kjelder 
(Språkrådet og Utanriksdepartementet), vera på begge målformene, og at alle 
alternative former skulle vera med, med i prioritert rekkjefølgje. Eventuelle 
ikkje-offisielle omsettingar skulle vera eksplisitt merkt som dette. I tillegg 
ville eg har omsettingane tilgjengelige i eit maskinlesbart format (XML), slik 
at eg lett kunne laga versjonar i andre format (HTML og gettext PO).

Eg har for øvrig ei tilsvarande oversikt over språk:
http://i18n.skulelinux.no/kodar/sprak.html

¹ Eg var lei bruk av uoffisielle og dårlig omsette lands- og språknamn, som
  florerte. Sjå for eksempel Dell sine forslag til nasjonane i verda:
  http://www.dagbladet.no/dinside/2003/02/19/361908.html :-)

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list