[NUUG kart] name != ref

Knut G Karevoll gnonthgol at gmail.com
Sun Aug 16 01:28:41 CEST 2009


Eg har sett at mange vegar i Norge har navnet set til referansenummeret
f.x. http://www.openstreetmap.org/browse/way/36227196
name = FV137
ref = FV137

Statens Vegvesen sin tjeneste visveg seier at denne vegen heiter
Bogstrandvegen. Hadde det ikkje vert mest naturleg å fjerne name tagen
når navnet på vegen er ukjend? Me veit jo allereide nummeret og det ser
teit ut på kartet når det står FV137(FV137).

Det er nesten blitt vanlig å sette name tagen utan å vite navnet og eg
kan fort finne mange døme på dette. Eg foreslår at name tagen berre blir
brukt om offisielle navn på veg, bru eller tunell som det står på
skilta. Dersom det ikkje står noko skilt om navnet lar me name tagen stå
tom. Nokon som har noko i mot dette?

Helsing Gnonthgol
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: not available
Type: application/pgp-signature
Size: 197 bytes
Desc: Dette er ein del av ei digitalt signert melding
Url : http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20090816/0e604922/attachment.pgp 


More information about the kart mailing list