[NUUG kart] Kartverket: "Gratiskartene enda bedre"
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Mon Aug 23 10:44:16 CEST 2010
Vidar Gundersen skreiv:
> Cascadenik, som er en CSS (Scheme syntaks, CSS er vel sterkt inspirert
> av DSSSL) beslektet innfallsvinkel til Mapnik stilsett. Riktignok
> heter det seg at "Making humans edit XML is sadistic!", men det er
> ikke nødvendigvis så mye å hente på å bruke Cascadenik. Strukturering,
> gjenbruk og modularisering med entiteter er også effektivt.
Cascadenik har dei fordelande at det har ein ekstremt brukarvenlig
syntaks, særs godt eigna til kart, og at stilsettdeklarasjonane er
*overlappande* («cascading» i CSS), slik at er vert veldig lett å seia at
for eksempel alle vegar skal vera tre pikslar breie og grå, og at veger
med bruer (eller på zoom-nivå 16 og over, eller som er motorvegar) i
tillegg skal ha eit svart omriss.
Cascadenik er uansett ein preprosessor, slik at det som kjem ut er heilt
vanlig Mapnik-XML.
Ein kan samanlikna Cascadenik- og Mapnik-kode for samanliknbare (obs:
ikkje like) teikneinstruksar for vegar for å få inntrykk av syntaksen:
Cascadenik:
http://mapnik-utils.googlecode.com/svn/sandbox/cascadenik/hike_n_bike/roads.mss
Mapnik:
http://git.openstreet.nl/index.cgi/stylesheets.git/tree/osm-roads.xml
Eg ser ingen grunn til å bruka Mapnik-reglar direkte når ein likevel skal
bygga opp eit kartstil frå begynnelsen av, og det finst ei betre løysing.
Det einaste som er litt synd, er at kartografispesifikasjonen *ikkje* er
skriven slik, som ein serie generelle reglar pluss spesifikke tilpassingar
av desse for spesialtilfelle. I spesifikasjonen er *alt* spesialtilfelle.
Det står for eksempel ikkje at alle element skal ha skrifta Verdana, og at
ting som har med sjø og vatn å gjera i tillegg skal ha blå skrift, eller
at namn på byar i tillegg skal ha store bokstavar.
Det står heller at for eksempel at namn på innsjøar skal ha 9 punkts blå
Verdana på målestokk mellom 1:20000 og 1:30000, at namn på fjellelver (?)
skal 8 punkts blå Verdana på målestokk mellom 1:20000 og 1:30000. Dette
gjeld både mellom ulike element og mellom same element i ulik målestokk.
Sjølv om alt som endrar seg i vising av namn på hav mellom to målestokkar
er størrelsen på teksten, er alle detaljane med (skrift, farge, store
bokstavar &c.) i kvar regel. Det er altso reglar me må prøva å
generalisera ut frå eksempla.
--
Karl Ove Hufthammer
More information about the kart
mailing list