[NUUG kart] WMS til N5000

Eirik U. Birkeland eirbir at gmail.com
Mon Feb 8 19:59:31 CET 2010


Petter Reinholdtsen <pere at hungry.com> skreiv:
> Fortell mer.  Hva slags bruksvilkår er knyttet opp mot N5000 som gjør
> at det er greit å importere den inn i OSM?

http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Potential_Datasources#N5000

Gnonthgol <gnonthgol at gmail.com> skreiv:
> Men N5000 inneheld dei administrative grensene som Gustav prøver å skaffe.
> Det er dårlegare oppløysing, men det er betre enn ingenting.

Basert på rettleiinga di på
http://wiki.openstreetmap.org/wiki/WikiProject_Norway/Kommunegrenser
har eg no lagt til grenser for tre kommunar i Sogn og Fjordane. Basert
på sjekking frå min eigen kommune, kan eg seie at dette er meir enn
nøyaktig nok som ei mellombels løysing. Eg vart faktisk imponert. Det
er høgare kvalitet på dette enn t.d. på dei innsjødataa som ligg inne
i mitt distrikt.

Men eg hadde eitt problem – du skriv: «Lag ein ny relasjon og legg til
alle vegane. Sjå til at vegane er sirkulære eventuellt byt om på
vegane». Eg fekk til å opprette relasjonane for dei tre kommunane og å
leggje til taggane. Dessutan fekk eg lagt inn kommunegrensa som
«member» i kvar av dei (var det rett, forresten?) Det eg ikkje fekk
til var å leggje til alle linjene i kommunen til i relasjonen. Korleis
gjer ein det, og vil det verte oppdatert kvar gong ein legg til nye
linjer?

Mvh
Eirik U. Birkeland


More information about the kart mailing list