[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Fri Apr 15 23:34:57 CEST 2011


Torsdag 14. april 2011 skreiv Karl Ove Hufthammer:
>Postadresseboka er jo ein fantastisk ressurs. Om denne er nokolunde 
>komplett, kan me utføra automatisk «stavekontroll» for heile landet! :-)

Om ikkje for heile landet, so iallfall for byane/plassane som er nemnt her:
http://epab.posten.no/Norsk/Nedlasting/steder2.htm

Dekkar dei største byane og tettstadane. Men det verkar som om det finst ein 
del småfeil i lista til Posten òg. :-(

Offisielle lister som ikkje er i samsvar med kvarandre irriterer! :-(

Viss me skal kjøra ein stavekontroll på alle byane, må me for øvrig kjøra ein 
separat kontroll på kvar av dei om me vil avdekka mest mulig feil. Dette fordi 
det finst fleire gater som heiter *nesten* det same ulike plassar i landet. 
Eksempel:

	Rosenkrantz gate (Sarpsborg og Stavanger)
	Rosenkrantz’ gate (Oslo)
	Rosenkrantzgaten (Bergen)
	Rosenkrantzgata (Drammen)
	Rosenkrantz vei (Asker)

Uthenting av vegar frå OSM avgrensa til polygon (kommunegrenser) ligg som sagt 
utanfor mitt kompetanseområde, so viss nokon har lyst til å prøva …

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list