[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Sun Apr 17 12:32:47 CEST 2011
Laurdag 16. april 2011 skreiv Karl Ove Hufthammer:
>> http://huftis.org/kritikk/storbergen.html
>
>Ein liten kommentar: Her har eg altso brukt heile postadresseboka. Viss eg
>hadde avgrensa denne til Bergen kommune, hadde det blitt oppdaga mange
>fleire feilskrivne namn.
No har eg lagt ut ein ny versjon sida ovanfor der eg *berre* brukar EPAB-namn
for Bergen kommune (kommunenr. 1201). Brukar òg eit fullstendig OSM-utdrag
frå kommunen (basert på N5000-kartet, som me kan bruka), slik at alle (og
berre) vegar i kommunen er med.
Då er det berre for dei som måtte ønskja å gå i gang med å retta veg- og
gatenamn i Bergen! Men ver obs. på feila i EPAB. Det heiter for eksempel
«Allégaten» (som står i OSM), ikkje «Allegaten», som EPAB påstår. Og
«Solheimstverrgate» skal rettast til «Solheims tverrgate», ikkje «Solheims
Tverrgate», som EPAB påstår.
Det hadde vore fint å heller bruka Bergen kommune si liste, som er både meir
komplett og rett, men sidan me ikkje har eksplisitt løyve for dette, ventar
me.
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org
More information about the kart
mailing list