[NUUG kart] Checkpoint for Tourism og trimpostar

Guttorm Flatabø post at guttormflatabo.com
Wed Dec 14 18:24:40 CET 2011


I august vart ein ny "feature" som passa til såkalla trimpostar godkjend:
http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Talk:Proposed_features/Checkpoint_for_Tourism

Det trengs ein ny type (checkpoint:type=*) til trimpostar med
gjestebøker/notatbøker, tek gjerne imot tilbakemelding på
diskusjonssida:
http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Talk:Proposed_features/Checkpoint_for_Tourism#Checkpoint_type:_notebook

Er også interessert i om andre har merka dette på andre måtar til no.

Om ikkje uttrykket/fenomenet "trimpost" er kjent for alle så snakkar
eg om ei lita notatblokk med blyant som oftast er pakka i
plastembalasje og lagt i ein postkassar/boks festa på tre/pålar/hus på
slutten eller viktig punkt på ein tursti. I boka skriv ein namnet
sitt. Det virkar så som ei slags gjestebok, og blir brukt til
oppteljing av idrettslag/turlag kvart år. Dette er iallfall eit vanleg
fenomen på Vestlandet.

--
Guttorm Flatabø


More information about the kart mailing list