[NUUG kart] Gate- og vegnamn i Bergen

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Wed Jun 8 20:10:15 CEST 2011


Onsdag 8. juni 2011 skreiv Gnonthgol:

>> Då er det berre å bruka sommaren gatelangs på gatejakt … :)
>
>Ikkje for å vere for kresen men kor vanskelig/ulovlig er det å slå desse opp
>i ein database for å få ut ein koordinat? Det er lettare å finne ein veg
>dersom me har ein idé om kvar den er.

Det er vel heller uproblematisk å bruka for eksempel Google Maps eller 
bergenskart.no til å finna ut kor ein skal komma fram til der ein skal. Men so 
må ein ut med GPS-en og henta inn ein skikkelig sporlog og sjekka gateskilta.

Har for øvrig funne ganske mykje rart i Google Maps som ikkje har funnest i 
verkeligheita. Lenge var det for eksempel ei diger kyrkje ved Dragefjellet, ei 
kyrkje som hørte heime ein annan kant av byen (eller var dei ein annan by?). 
Usikker på kor mykje av dette som er bevisst (for å avsløra plagiat) og kor 
mykje som er ukritisk import frå ulike nettkjelder.

-- 
Karl


More information about the kart mailing list