[NUUG kart] OSM og sporing på smart phones

Guttorm Flatabø post at guttormflatabo.com
Wed Mar 23 14:52:14 CET 2011


Eg avtalte å sende denne til Wolfgang Leister, men tenkte det er like greit
å dele med alle. Merk at denne opprinneleg ikkje vart meint for eit stort
publikum, og er formatert med HTML....

Sporingsprogram
*
*
*Android*
Det beste alternativet for Android er nok
OSMTracker<https://market.android.com/details?id=me.guillaumin.android.osmtracker>,
fordi det både sporar og har knappar for «points of interest» (POI), kan
tilpassast slik at det kan vise POI-knappar relevant for vårt arbeid (det
som Simone har lista opp under "Merking i kartet"), kan vise OpenStreetMap
(med namn og kulturminne frå fylkesarkivet) i bakgrunnen, lett kan omsetjast
til Nynorsk, og tek med informasjon om kor nøyaktig sporet er. Ulemper med
OSMTracker kan vere at det ikkje er heilt stabilt, er litt vanskeleg, og eg
veit ikkje kor mykje det dreg på batteriet.

Eit veldig bra alternativ til OSMTracker er Open GPS
Tracker<https://market.android.com/details?id=nl.sogeti.android.gpstracker&feature=search_result>som
*kan laste opp spor direkte til OpenStreetMap* (stor fordel) og vise OSM i
bakgrunnen, men eg har ikkje prøvd det enno, og det er ikkje så godt eigna
til registrering av punkt som OSMTracker.

Eit tredje alternaitv som er enkelt og som eg har brukt før er
AndAndo<https://market.android.com/details?id=com.javielinux.andando>
.

Ei forholdsvis god oversikt over andre alternativ finn du på:
http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Android

*iOS (iPhone, iPad og iPod)*
For iPhone har eg ikkje funne gode alternativ som både sporar og som ein kan
merke av POI, i same programmet, men:

   - OSMTrack <http://itunes.apple.com/app/osmtrack/id295625255?mt=8> er bra
   til å lage spor fordi ein både kan sende sporet per e-post og laste det
   direkte opp til OSM. Eg har brukt det sjølv mykje.
   - ILOE<http://itunes.apple.com/app/iloe-openstreetmap-editor/id333224774?mt=8>er
bra til å merke av POI direkte i OSM, men det er ikkje så enkelt å
bruke
   og du får berre lagre direkte til OSM.

Oversikt for OSM her: http://wiki.openstreetmap.org/wiki/IOS

Her er det nok andre alternativ eg ikkje har oversikt over.

*Windows Mobile*
Her veit eg ikkje anna enn at
OSMTracker<http://wiki.openstreetmap.org/wiki/OSMtracker> (for
Windows mobile) burde vere eit godt alternativ, men eg har så godt som aldri
brukt ein Windows Mobile telefon.

Oversikt for OSM: http://wiki.openstreetmap.org/wiki/WinPDA

*Symbian*
Tykkjer å hugse at SportsTracker brukar OSM som kart.
Oversikt for OSM: http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Symbian
 <http://wiki.openstreetmap.org/wiki/WinPDA>
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20110323/b7ad5c35/attachment.htm 


More information about the kart mailing list