[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Mon May 2 17:49:24 CEST 2011


Sundag 17. april 2011 skreiv Karl Ove Hufthammer:
>Det hadde vore fint å heller bruka Bergen kommune si liste, som er både
>meir  komplett og rett, men sidan me ikkje har eksplisitt løyve for dette,
>ventar me.

Offentleglova er fin. «Rettleiar til offentleglova», avsnitt 4.7, seier:

  Føresegna i fyrste ledd fastset at når det blir gitt innsyn etter offentleg-
  lova eller anna lovg­iving som gir ålmenta innsynsrett, kan dokumentet i
  utgangspunktet brukast til eit kvart ynskeleg føremål. […] Dersom dokumenta
  er offentleg tilgjengelege, til dømes ved at dei ligg ute på Internett, er
  dette likestilt med tilfelle der det er sett fram eit innsynskrav på vanleg
  måte, og hovudregelen om vidarebruk vil gjelde òg for slike dokument.

I utgangspunktet har me altso allereie tilgang til fri bruk av Gatetabellen 
til Bergen kommune. Men lova har eit par mulige unntak:

  § 7. Bruk av offentleg informasjon

  Informasjon som det er gitt tilgang til etter lova her eller anna lovgiving 
  som gir ålmenta rett til innsyn i offentleg verksemd, kan brukast til
  eitkvart formål dersom ikkje anna lovgiving eller retten til ein
  tredjeperson er til hinder for det.

Eg har derfor sendt ein førespurnad til kommunen om det finst «anna lovgiving 
eller retten til ein tredjeperson» som er til hinder for at informasjonen i 
Gatetabellen kan brukast fritt, slik at me vert *heilt* sikre på om me kan 
bruka denne.

Eg nemnte for øvrig ogso dei feila me (trur me) har oppdaga i Gatetabellen.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list