[NUUG kart] Gatenamnregister for Oslo?

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Mon May 2 21:04:24 CEST 2011


Ifølgje http://www.sprakrad.no/nb-no/Toppmeny/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/Spraknytt-2009/Spraknytt-12009/Prosjekt-gatenavn-i-Oslo/
skal eit nytt gatenamnregister for Oslo muligens vera klart no, gjennom «Prosjekt gatenavn».

Resultatet er so vidt eg kan sjå ikkje tilgjengelig på Internett.

Kanskje ein idé for Oslo-OSM-arar å be om innsyn i dette registeret, med heimel i offentleglova. 
Sjølv om registeret skulle visa seg å ikkje vera ferdigstilt, kan ein be om innsyn i den førebelse
utgåva. Og sjølv om registeret berre eksisterer som tabellar i ein database, og ikkje som eit 
sjølvstendig dokument, har ein *rett* til innsyn, jf. § 9.

Om de får innsyn, kan eg kjøra kontrollen på 
http://geo.huftis.org/osm/epab/Oslo.html
med desse oppdaterte dataa.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list