[NUUG kart] OSM Tyskland med ny webside

Gnonthgol gnonthgol at gmail.com
Thu Nov 24 18:44:23 CET 2011


Den 24. nov. 2011 kl. 17.48 skrev Karl Ove Hufthammer:
> openstreetmap.no er faktisk rimelig god, då den legg vekt på det
> viktige, det folk faktisk kjem der for. Det same gjeld for eksempel
> karttenestene til Google og Bing. Dei har mange funksjonar, men ingen
> endelaus avsnitt som skildrar dei, historien bak dei, eller liknande.
> Mottoet «show, don’t tell» er i mange samanhengar eit godt råd. Dei kjem
> til poenget *først*, ikkje lenge etter at publikum har forlatt salen.
> 
> Ein kan òg læra litt av sjekklista på
> http://emilsedgh.info/blog/index.php?/archives/13-The-sad-state-of-our-websites.html
> over ting gode programvareheimesider gjerne har

Fint sitat. Eg trur ingen er ueinig i det du seier her.

> For OSM har me den fordelen at «hovudproduktet» (for den vanlige brukar)
> er ei *netteneste*, slik at me ikkje treng å ha eit bilde av programmet;
> me kan bygga det direkte inn i nettsida!

Eg trur problemet ligg i kva folk anser som hovedproduktet til OSM. Er det tile.osm.org eller api.osm.org ? Eg seier ikkje at ein av dei er rett og ein er feil det er folk med meiningar på begge sider.

Eg trur at tyskarane prøver å gå vekk frå "Her er eit gratis kart" og prøver å få til "Her er åpne kartdata", men på grunn av dei grunnane du nemde blir sida mykje dårligare.

Problemet er korleis du viser produktet uten å ende opp å promotere eit derivert produkt. Det er ikkje eit problem som er begrensa til OSM, kernel.org bryter med nesten alle reglane i den blogposten. I OSM sitt tilfelle er det mulig å fikse ved å vannmerke kartet eller på ein annan måte vise at det ikkje berre er "gratis kart" ( openwhatevermap.org ).

Eg likar openstreetmap.no bedre enn openstreetmap.org. Antatt at produktet er kartet og ikkje OSM.

Knut




More information about the kart mailing list