[NUUG kart] Gate- og vegnamn i Bergen
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Tue Apr 10 19:17:26 CEST 2012
to. den 19. 05. 2011 klokka 22.33 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> >> http://geo.huftis.org/osm/epab/Bergen.html
> >
> >Køyrer du ei oppdatering igjen? Det har vorte gjort ein god del sidan
> >sist, både av meg og andre ... :-)
>
> Har vore problem med norway-fila dei siste dagane, men no fungerte
> det. Har lagt ut ei oppdatert fil.
Det tok si tid, men endelig har eg fått oppdatert sjekken av
OpenStreetMap-gatenamn.
(For dei som hugsar dårlig: Posten Norge har publisert postadresseboka,
som inneheld gatenamn for mange gater i Norge, med kommuneinfo. Den får
me bruka i OSM-prosjektet til å kvalitetssikra gatenamna, gjennom å
kjøra ein slags stavekontroll på alle gatenamna som er registrert i
OSM.)
Oversikt over mulig feilstava gatenamn finn de som før på
http://geo.huftis.org/osm/epab/
Merk at resultata for Bergen ikkje er henta frå Postadresseboka, men frå
den offisielle gatetabellen:
https://www.bergen.kommune.no/tjenestetilbud/bolig-og-eiendom/eiendom/vegnavn/gatetabellen
Denne vart for øvrig oppdatert for nokre få dagar sidan. Rettingane eg
tipsa kommunen om vart endelig med, og det vart lagt til to nye gater:
Revahjellane
Rådstusmauet
Men kor i all verda (les: Bergen) er desse? Google Maps har dei ikkje,
so blir OSM først … ? :)
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org
More information about the kart
mailing list