[NUUG kart] Forslag til tagging av dagligvarebutikkar

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sun Apr 22 16:38:48 CEST 2012


Eg har no laga eit nokolunde komplett forslag til korleis
dagligvarebutikkar o.l. i Norge bør taggast i OSM. Kommentarar
til dette, før eg legg det ut på wikien?

Har òg tenkt på å ta kontakt med dei ulike kjedane og høra om det er
mulig å få komplett butikkoversikt i maskinlesbart format, for
importering i OSM.


Forslaget:

Dagligvarebutikkar kan i utgangspunktet taggast shop=supermarket eller
shop=convenience. Norske dagligvarebutikkar er små samanlikna med
butikkar i mange andre land, og det som der gjerne ville vore
shop=convenience bør her taggast som shop=supermarket.
Dagligvarebutikkar skal derfor i regelen skal taggast shop=supermarket,
med unntak av Brustad-buer / svært små nærbutikkar med utvida
opningstider, som bør taggast shop=convenience.

Storkioskar som sel eit avgrensa utval dagligvarer, som mange
7-Eleven-butikkar, taggar me også shop=convenience. Merk at shop=kiosk
er meint for tagging av *frittståande kioskar*, for eksempel midt på eit
gatetorg, som gjerne sel aviser og blad, sigarettar og pølser, og altså
er noko anna. Butikkar som hovudsaklig sel aviser og blad, som
Narvesen-kioskar, taggar me shop=newsagent.

For butikkar med post i butikk, legg me på amenity=post_office. Har dei
òg tipping, legg me på lottery=yes. Korleis «bank i butikk» bør taggast
er førebels ikkje klart.

Namnet på butikken skal vera det fulle namnet, for eksempel Rimi
Damsgård, ikkje berre Rimi. For å seia kva kjede butikken hører til,
brukar me brand=*, for eksempel brand=Rimi.

(Det finst også to alternative taggenøklar, operator=* og franchise=*.
Men i praksis er det vanskelig å veta korleis desse skal brukast. Dei
fleste kjedebutikkar vert drivne som franchise, men ikkje alle. For
Bunnpris er for eksempel nokre butikkar franchisebutikkar
(franchise=Bunnpris, operator=Jensen Mat AS), og andre Bunnpris-filialar
(operator=Bunnpris). Det synest derfor som både tilstrekkelig og
formålstenlig å berre halda oss til brand=*.

Her er eksempel på korleis butikkar i dei ulike kjedene bør taggast. Det
er sjølvsagt ikkje nødvendig å fylla ut all informasjon; butikktype,
namn og kjede er det viktigaste (gateadressa er det minst viktige, sidan
me alt har dei geografiske koordinatane …).


SPAR

Finn informasjon om kvar butikk på http://spar.no/. Merk at SPAR skal
skrivast med store bokstavar.

shop=supermarket
name=SPAR Karensfryd
brand=SPAR
lottery=yes
opening_hours=Mo-Fr 09:00-20:00; Sa 09:00-19:00
addr:street=Frydenbølien
addr:housenumber=17
addr:postcode=5067
addr:city=Bergen
addr:country=NO
website=http://spar.no/Finn-butikk/HORDALAND/SPAR-KARENSFRYD/
--------
contact:phone=+47 55342045
contact:fax=+47 55343960
contact:email=spar.karensfryd at ngbutikk.net



EUROSPAR

Same som for SPAR, men med brand=EUROSPAR.



KIWI

Finn informasjon om kvar butikk på http://kiwi.no/. Merk at KIWI skal
skrivast med store bokstavar. Butikknummeret som står på nettsida set me
som ref=, og har det ikkje med i name=.

shop=supermarket
name=KIWI Nøstet
ref=881
brand=KIWI
lottery=yes
opening_hours=Mo-Sa 07:00-23:00
addr:street=Nøstegaten
addr:housenumber=31
addr:postcode=5011
addr:city=Bergen
addr:country=NO
website=http://kiwi.no/Stottemeny/Butikker-og-apningstider/Hordaland/BERGEN/Kiwi-881-Nostet/



REMA 1000

Finn informasjon om kvar butikk på http://rema.no/. Merk at REMA skal
skrivast med store bokstavar.

shop=supermarket
name=REMA 1000 Danmarksplass
brand=REMA 1000
opening_hours=Mo-Fr 07:00-23:00; Sa 08:00-21:00
addr:street=Fjøsangerveien
addr:housenumber=32c
addr:postcode=5054
addr:city=Bergen
addr:country=NO
website=http://butikk.rema.no/REMA+1000+Danmarksplass/370000



Rimi

Finn informasjon om kvar butikk på http://rimi.no/. Merk at Rimi, i
motsetning til REMA, **ikkje* skal skrivast med store bokstavar. Her har
ikkje kvar butikk si heimeside.

shop=supermarket
name=Rimi Damsgård
brand=Rimi
amenity=post_office
lottery=yes
opening_hours=Mo-Fr 07:00-23:00; Sa 08:00-21:00
addr:street=Damsgårdsveien
addr:housenumber=205
addr:postcode=5162
addr:city=Laksevåg
addr:country=NO



Bunnpris

Finn informasjon om kvar butikk på http://bunnpris.no/.

shop=supermarket
name=Bunnpris Hjellestad
brand=Bunnpris
amenity=post_office
opening_hours=Mo-Fr 08:00-22:00; Sa 08:00-22:00; Su 11:00-22:00
addr:street=Hjellestadveien
addr:housenumber=313
addr:postcode=5259
addr:city=Hjellestad
addr:country=NO



Joker

Finn informasjon om kvar butikk på http://joker.no/.

shop=supermarket
name=Joker Sandviken
brand=Joker
opening_hours=Mo-Fr 09:00-22:00; Sa 09:00-20:00
addr:street=Gjeble Pederssøns gate
addr:housenumber=13
addr:postcode=5034
addr:city=Bergen
addr:country=NO
website=http://joker.no/Butikkene/HORDALAND/JOKER-SANDVIKEN/



MENY

Finn informasjon om kvar butikk på http://meny.no/. Merk at MENY skal
skrivast med store bokstavar (sjølv om dei er litt inkonsekvente på
heimesida …).

shop=supermarket
name=MENY Bergen Storsenter
brand=MENY
opening_hours=Mo-Fr 07:00-21:00; Sa 07:30-20:00
addr:street=Strømsgaten
addr:housenumber=8
addr:postcode=5015
addr:city=Bergen
addr:country=NO
website=http://meny.no/Info/Finn-din-butikk/MENY-Bergen-Storsenter/



ICA

Finn informasjon om kvar butikk på http://ica.no/. Merk at ICA skal
skrivast med store bokstavar. Her har ikkje kvar butikk si heimeside.

shop=supermarket
name=ICA Supermarked Gullgruven
brand=ICA
opening_hours=Mo-Fr 09:00-21:00; Sa 09:00-19:00
addr:street=Liamyrane
addr:housenumber=1
addr:postcode=5132
addr:city=Nyborg
addr:country=NO



7-Eleven

Finn informasjon om kvar butikk på http://7-eleven.no/. Merk at det er
stor E i 7-Eleven, og at butikkane skal taggast som shop=convenience.
Her har ikkje kvar butikk si heimeside, og heimesida til kjeden har
ikkje informasjon om opningstider.

shop=convenience
name=7-Eleven Engen
brand=7-Eleven
addr:street=Engen
addr:housenumber=16
addr:postcode=5011
addr:city=Bergen
addr:country=NO



Narvesen

Finn informasjon om kvar butikk på http://narvesen.no/. Her er det svært
lite informasjon om kvar butikk. Me «lagar» namn ved å setja saman ordet
«Narvesen» og namn-/bygningsinformasjonen som står på heimesida.

shop=newsagent
name=Narvesen Harbitzhjørnet
brand=Narvesen
addr:street=Torgallmenningen
addr:housenumber=1a
addr:postcode=5014
addr:city=Bergen
addr:country=NO

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list