[NUUG kart] N2000 kommunegrenser import

Knut Karevoll gnonthgol at gmail.com
Sat Aug 25 18:37:52 CEST 2012


Eg har no starta med importen. Eg opretta ein eigen konto http://www.openstreetmap.org/user/Statens%20Kartverk%20Import som alle endringane blir gjort på og går gjennom alt manuelt.

I første omgang har eg gått igjennom heile Norge sør for den 60. breddegrad, det vil seie Oslo, Kristiansand, Stavanger osv. men ikkje Bergen, Hamar osv. Alle relasjonar og vegar skal vere dei same, men det er fleire nodar og mange av dei er flytta.

Eg er nesten heilt sikker på at eg har gjort nokre feil undervegs så eg anbefaler alle som veit dei har gjort nokre endringar på kommunegrensene å sjekke dei områda. Feil eg forventar er at eg har brukt N2000 når den eksisterande grensa var bedre eller omvendt, eller at andre vegar brukar nodar i grensa som eg har flytta. Eg har prøvd så godt eg kan men feil oppstår alltid. Eg ventar litt med resten av importen både fordi det blir slitsomt i lengden og for å avdekke kva feil som har opstått og finne ut korleis me skal hindre dei feila i resten av landet.

Har du nokre spørsmål, feilrapportar eller forslag er det berre å ta kontakt.

Knut


More information about the kart mailing list