[NUUG kart] Forslag om tagging av returpunkt

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sun Feb 26 17:10:17 CET 2012


Info om korleis ein skal tagga returpunkt (papirkonteinarar,
gjenbruksstasjonar &c.) står på
https://wiki.openstreetmap.org/wiki/Tag:amenity%3Drecycling

Taggsystemet der er svært finkorna, og for kvar konteinar i Norge vil me
typisk ha fleire taggar, så eg foreslår me lagar ei lita oversikt
tilpassa norske forhold på
https://wiki.openstreetmap.org/wiki/No:Map_Features

I Norge har me so vidt eg veit tre typar returpunkt for avfall:

– glas og metall
– papp og papir
– plast

Spørsmål: Går glas og metall alltid i same konteinar, eller finst det
framleis konteinarar som berre tar éin av delane?

Forslag: Ofte står to eller fleire konteinarar av typen over tett saman
i ei lita klynge. Eg foreslår at me då taggar *returpunkta*, i praksis
midtpunktet i klynga, ikkje dei fysiske konteinarane. Tre grunnar: 1)
Den nøyaktige plasseringa av konteinarane varierer lett over tid. Dei
kan faktisk byta innbyrdes plass etter tømming. 2) På kart, i søk, osv.
vert det berre forstyrrande med mange returpunkt nesten oppå kvarandre.
3) Det har ingen praktisk fordel å tagga kvar enkeltkonteinar.

Forslag til tagging:

Glas og metall (ev. oppsplitta):
recycling:glass=yes
recycling:glass_bottles=yes
recycling:aluminium=yes
recycling:cans=yes

Papp og papir
recycling:books=yes
recycling:cardboard=yes
recycling:cartons=yes
recycling:magazines=yes
recycling:newspaper=yes
recycling:paper=yes
recycling:paper_packaging=yes

Plast:
recycling:plastic=yes
recycling:plastic_bags=yes
recycling:plastic_bottles=yes
recycling:plastic_packaging=yes
recycling:styrofoam=yes


I tillegg finst det konteinarar for innsamling av klede, for for
eksempel Fretex eller Uff Norge. Her kan me tagga:

recycling:clothes=yes

Synspunkt?

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list