[NUUG kart] Endringer openstreetmap.no

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Mar 29 23:00:27 CEST 2012


to. den 29. 03. 2012 klokka 22.05 (+0200) skreiv Vidar Gundersen:
> On Thu, Mar 29, 2012 at 9:34 PM, Karl Ove Hufthammer <karl at huftis.org> wrote:
> 
> > *Berre* <<+/->>-knappar, eller vert zoom-stolpen verande? Viss
> > zoom-stolpen vert verande er eg for, elles er eg imot. :)
> 
> Ta vekk stolpen, mente jeg ja.
> Slik som på siden jeg lenker til lenger nede.

OK. Då er eg imot. :)

Eg brukar stolpen i OpenLayers-kart ganske mykje, både for å zooma inn
og ut (spesielt nyttig på karttenester som er litt trege til å hosta opp
kartfliser). På små kart kan det vera best å kutta stolpen, men på
fullskjemskart som openstreetmap.no er det meir enn nok plass.

> >> - Bruke TouchNavigation istedetfor Navigation
> >
> > Kva medfører dette?
> 
> Touch fungerer på pekeskjermenheter.
> Denne bruker kun TouchNavigation: http://www.vidargundersen.com/50/
> Ombestemte meg: TouchNavigation har ikke shift-klikk-og-dra for å
> zoome inn på et område, så derfor vil jeg ta med begge. Det går bra.

Oi sann! Så mange år som brukar av OpenLayers-baserte karttenester, og
så kjente eg ikkje til Shift + klikk & dra! Den var jammen praktisk.
La òg merke til at rullehjulet for zooming ikkje fungerte på adressa
over. Men det gjer det kanskje viss du slår på begge navigasjons-
metodane?


> > Forslag: Legg til det nydelige Watercolor-kartet til Stamen som
> > alternativt kartlag (kall det <<Akvarellkart>> elns.):
> > http://maps.stamen.com/
> 
> Tar gjerne imot en patch.

Trur det berre er å kopiera inn linjene frå nettsida, med små endringar:

<script type="text/javascript"
src="http://maps.stamen.com/js/tile.stamen.js"></script>
var layer = new OpenLayers.Layer.Stamen("watercolor");
map.addLayer(layer);

> Men før jeg eller noen andre committer det, vil jeg vite hvor mange
> lag nettstedet skal ha rent prinsippielt og for hvilket formål. Skal
> .no være en OSM showcase?

IMHO nei. Bør ialfall prøva å avgrensa det til laga som held svært høg
kvalitet og/eller er svært nyttige eller interessante, og unngå lag som
er for *like*. Viss Osmarender-laget framleis eksisterte, burde det
*ikkje* vore med. Og eigentlig synest eg vel laget med Kartverkets
kartografi ser for stygt ut til å vera med …

Watercolor bør vera med fordi det ser så fantastisk ut, det er noko folk
blir imponert av, og er interessant. Stamen Toner bør ikkje vera med. Om
Stamen Terrain var tilgjengelig i Norge, burde det ikkje vore med (men
fjellskygge burde gjerne inkluderast i eitt av standardkarta).

For øvrig *kan* det vera interessant å ha eit par variantar av eit
standardkart, berre for å illustrera kor ulikt same type informasjon kan
presenterast. Av denne grunn bør både vanlig Mapnik og MapQuest Open
vera med. Men ein bør ikkje ha fem forskjellige skiløypekart, for
eksempel. Det held med eitt (veldig godt).

Så i utgangspunkt er eg for ei relativt avgrensa samling lag (viss det
blir mange, er det kanskje mulig å gruppera dei under overskrifter?).
På den andre sida hadde det jo vore artig med ein «OSM showcase» òg, med
mest mulig kart. Men kanskje på ei annan side enn forsida?

> > Ein siste ting: Oppdatering av kystlinje-fila brukt i dei alternative
> > kartlaga? Desse ser ut til å vera basert på ein veldig gammal versjon.
> 
> Ja, databasen må reimporteres, så de oppdateres for tiden ikke.
> Hele greia burde vært satt opp på en maskin som er helt åpen også.
> Jeg har for mye å gjøre / er for lite effektiv med tiden min om dagen.

Set for øvrig stor pris på det arbeidet du gjer med openstreetmap.no.
Veldig fint å ha ei norsk «heimeside» for OSM.

-- 
Karl



More information about the kart mailing list