[NUUG kart] Sentralt Stedsnavnregister

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sun Jun 16 12:26:55 CEST 2013


la. den 15. 06. 2013 klokka 09.02 (+0000) skreiv Thomas Hirsch:
> Jeg fikk testet litt hvor stor overlapp mellom stedsnavnsregisteret og
> elementer i OSM egentlig er:
> 
> https://github.com/relet/ssr/blob/master/compared/03-oslo.geojson
> 
> For hvert element i SSR prøver jeg å finne et element i OSM via
> XAPI'en ved å søke i samme område, med en visst toleranse. 
> Enten får jeg en eller flere direkte treff, ellers vises det
> leksikalisk nærmeste navnet i dette området. 

Når SSR-dataa først vart publiserte, såg eg litt på dei, og kom til
følgjande konklusjon (dette er etter hugsen, så kan vera litt feil):

– JSON-dataa er mangelfulle (blant anna mangla det rett ID),
  så ein eventuell import må basera seg på SOSI-dataa.

– Det finst duplikatnamn, der altså same plass har fått ulike
  ID-ar *og* posisjonar. Dette gjaldt visst spesielt samiske namn.
  (Trur Porsangerfjorden var eit slikt eksempel.)

– SSR-posisjonane er ikkje nødvendig rette/optimale. OSM-posisjonane
  kan altså vera betre. Eg fann for eksempel eit tilfelle der namnet
  på eit vatn var plassert *utanfor* vatnet, på landjorda, mange meter
  frå eikvar rimeleg plassering.

– Dei offisielle karta som ein kan sjå på for eksempel norgeskart.no
  er ikkje nødvendigvis oppdaterte med dei offisielle SSR-namna.
  Ved ein eventuell import til OSM kan altså OSM få kart med meir
  korrekte namn eller Kartverket sjølv!

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list