[NUUG kart] Doer i Bergen

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Mar 14 23:03:26 CET 2013


la. den 09. 03. 2013 klokka 15.19 (+0100) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Eg har forresten no sendt e-post til kontaktpersonen i kommunen, med
> nokre spørsmål og kommentarar om dokart- og leikeplassdatasetta (blant
> anna om korleis dei ønskjer å verta kreditert).

Eg har fått svar frå kommunen. Det går fint å visa til datasettet på
data.norge.no i source-attributtet (og endringsloggen), eks.:

  http://data.norge.no/data/lekeplasser-i-bergen-kommune

I tillegg skal dei prøva å få lagt til ein ID-kolonne i datasetta, slik
at me lettare kan identifisera kvart objekt (nyttig ved oppdateringar).

Eg har for øvrig gjort litt «research» til OSM, og besøkt fleire av
byens pissoarar i det siste. Har lagt til det i Haukelandsveien 51 i OSM
(òg her var koordinatane i dokartet noko unøyaktige, men ikkje veldig
ille). Og kan melda at mursteinsbygningen ved Høgteknologisenteret
(60.38232, 5.33207) *ikkje* er eit pissoar, men faktisk eit kunstverk
som heiter «Bergen» (!), og er laga av danske Per Kirkeby. Men etter
lukta der inne å dømma, er det mange som har forveksla det med eit
pissoar …

Den andre bygningen like ved (60.38215, 5.33155) er ikkje godt å seia
kva er (pissoar? kunstverk? noko anna?); han er iallfall så falleferdig
no at han i praksis ikkje kan brukast til noko.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list